Historie

Det embetet vi i dag kjenner som statsforvaltaren, har røter heilt tilbake til åra då Noreg vart samla til eitt rike. Her kan du lese om korleis institusjonen har utvikla seg gjennom fleire hundre år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

2024
Regjeringa bestemmer at dagens statsforvaltarstruktur skal vidareførast sjølv om fylka Akershus, Buskerud, Østfold, Vestfold, Telemark, Troms og Finnmark fekk nytt liv att frå nyttår. Statsforvaltarane har fått større og sterkare fagmiljø og er styrkt i rolla si som rettstryggleiksinstans etter samanslåingane i 2019. Strukturen til statsforvaltarane skal difor halde fram som han er.

  • Hovudkontoret til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark blir flytta til Skien. Halvparten av dei tilsette skal ha arbeidsstaden sin i Skien.
  • Statsforvaltaren i Troms og Finnmark blir styrkt fordi embetet har ei viktig rolle i å sikre den sivile beredskapen i nord.
  • Statsforvaltaren i Oslo og Viken blir vidareført, men får nytt namn fordi Viken ikkje lenger er eit fylke eller eit stadnamn. Frå 1. juli blir namnet Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

 

2022
Regjeringa legg opp til endringar i fylkesstrukturen, og vil oppløyse tvangssamanslegne fylkeskommunar som sender søknad etter vedtak i fylkestinget. Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt DFØ (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring) i oppdrag å evaluere den geografiske inndelinga av statsforvaltaren tre år etter at ny inndeling tok til å gjelde. 

2021
Fylkesmannen blir statsforvaltaren etter at regjeringa i 2020 gjer vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal bytast ut med kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn blir vidareført. Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Vi har også ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, samordnar mellom sektorane og rettstryggleiksinstans overfor innbyggjarane.

2020
Fylkesmennene har ei sentral rolle i handteringa av koronaepidemien. Vi har faste møte med sentrale helse- og beredskapsstyresmakter og kommunar for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Fylkesmennene har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyresmakter og kommunane.

2019
Tal fylkesmannsembete går frå 16 til 10. Fylkesmennenes fellesadministrasjon blir etablert 1. januar.

  • Det samanslegne fylkesmannsembetet i Oslo og Akershus, Østfold og Buskerud får namnet Fylkesmannen i Oslo og Viken frå 1. januar.
  • Det samanslegne fylkesmannsembetet i Oppland og Hedmark får namnet Fylkesmannen i Innlandet frå 1. januar.
  • Det samanslegne fylkesmannsembetet i Telemark og Vestfold får namnet Fylkesmannen i Vestfold og Telemark frå 1. januar.
  • Det samanslegne fylkesmannsembetet i Hordaland og Sogn og Fjordane får namnet Fylkesmannen i Vestland frå 1. januar.
  • Det samanslegne fylkesmannsembetet i Troms og Finnmark får namnet Fylkesmannen i Troms og Finnmark frå 1. januar.
  • Siden samanslåinga i 2016 har embetet hatt namnet Fylkesmannen i Aust-Agder og Vest-Agder. Frå 1. januar 2019 vart namnet endra til Fylkesmannen i Agder. 

2018
Fylkesmannsembeta i Nord- og Sør-Trøndelag vert slegne saman til Fylkesmannen i Trøndelag. Lokaliseringa er delt mellom Steinkjer og Trondheim, med hovudsete på Steinkjer. Reindriftsavdelinga beheld sine lokasjonar på Røros og i Snåsa.

2016
Fylkesmannsembeta Aust-Agder og Vest-Agder vart slegne saman til eitt embete. 

2014
Fylkesmannen vart reindriftsmynde med administrativt og fagleg ansvar for gjennomføring av reindriftspolitikken på regionalt nivå. Fylkesmannen forvaltar også juridiske og økonomiske verkemiddel på reindriftsområdet og rettleiar næringa.

2013
Fylkesmannen vart lokal verjemålsmynde, og er dermed førsteinstans på verjemålsområdet. Fylkesmannen overtok ansvaret og oppgåvene som låg hjå dei kommunale overformynderia.

2012
Frå 1. januar 2012 blei Helsetilsynet i fylka integrert i fylkesmannsembeta, og oppgåvene som tidlegare blei utført av Helsetilsynet i fylka, inngår no i Fylkesmannens ordinære oppgåver.

Fylkesmannen.no, som er fylkesmennenes felles nettportal, får ei større oppgradering i 2012. Med det breie omfanget av oppgåver som Fylkesmannen har, er det viktig å vise kva fylkesmennene driv med, og å leggje stoffet til rette på en lettfatteleg måte. Frå midten av 1990-åra vart det vanleg at offentlege institusjonar gav seg til kjenne på internett. I 2012 presenterte Fylkesmannen verksemda si si i form av ni kategoriar av oppgåver og totalt om lag 70 underkategoriar.

2006
Det blei starta eit arbeid med ei forvaltningsreform, som enkelte spådde ville føre til store endringar for fylkesmannsembeta. Reforma blei sett i verk i 2010, men med små konsekvensar for fylkesmennene.

2003
Fylkeslegane og utdanningsdirektørane blei integrerte i embeta frå 1. januar 2003. Eit viktig argument for dette var Fylkesmannens oppgåver med tilsyn og klagebehandling for å sikre omsynet til den enkelte innbyggjarens rettstryggleik. Dermed blei lovlegkontroll også på helse- og utdanningsområda lagd til Fylkesmannen.

1993
Allereie så tidleg som rundt 1830 blei «landhushaldsselskapa» etablerte. Dei blei avløyste av Fylkeslandbruksselskapa, som eksisterte i perioden 1919–1981. Fylkeslandbrukskontora blei oppretta etter lova som tok til å gjelde i 1981. Frå 1993 blei fylkeslandbrukskontora eigne avdelingar ved fylkesmannsembeta.

1982
Det blei oppretta miljøvernavdelingar i fylkesmannsembeta. Ein del av oppgåvene til desse var allereie frå 1977 blitt utførte av fylkeskommunane ved hjelp av fagstillingar med lønnsrefusjon frå staten. No blei desse stillingane i staden lagde til Fylkesmannen.

1981
Den nye fylkesmannsinstruksen blei vedteken dette året. Instruksen skil seg ikkje mykje frå den 300-årige forgjengaren. Han seier først – litt gammalmodig, ettersom Noreg ikkje lenger har noka personleg kongemakt – at Fylkesmannen er «Kongens og Regjeringens» representant i fylket. I neste punkt av instruksen er likevel Kongen utelaten, og instruksen held fram med å seie at Fylkesmannen også skal arbeide for at «Stortingets og Regjeringens vedtak, mål og retningslinjer kan bli fulgt opp». Dernest skal Fylkesmannen verke til «gagn og beste» – som i instruksen av 1685 § 1 «Gavn og bedste» – for fylket og ta dei initiativa som er nødvendige. 

1979
Alle fylkesmannsembeta oppretta beredskapsavdelingar som følgje av omorganiseringa av dei tidlegare sivilforsvarsdistrikta.

1976
Den nye fylkeskommunelova tok til å gjelde 1. januar 1976. Den innførte ei gjennomgripande omorganisering, og det blei innført direkte val til fylkestinget frå hausten 1975. Den statlege og den kommunale forvaltninga blei dermed skilde, ved at Fylkesmannen blei avløyst av ein fylkeskommunalt tilsett rådmann som administrativ leiar. Fylkesmannens rolle i fylkeskommunen (og overfor kommunane) blei avløyst av ei rolle med statleg tilsyn og kontroll.

1964
Lova om fylkeskommunar tok til å gjelde dette året. Den dåverande statsadministrasjonen i fylkeskommunen under leiing av Fylkesmannen heldt fram som før. Samtidig fekk Fylkesmannen reint administrative oppgåver og skulle ikkje lenger sitje som formann i fylkesutvalet. Men Fylkesmannen skulle likevel framleis vere «fylkeskommunens rettslige representant» og skrive under på vegner av fylkeskommunen.

1950
Totalt var det ca. 160 medarbeidarar ved fylkesmannsembeta rundt 1950.

1918
I samband med eit lovforslag drøfta Stortinget inngåande både kor føremålstenleg nemninga fylke var, og dei geografiske namna som skulle veljast. I stadet for nemninga «amtmand» vedtok Stortinget at ein skulle bruke «fylkesmand» og ikkje «jarl» (som departementet hadde føreslått). 

1905
Frigjeringa frå Sverige førte ikkje til noka endring i distriktsforvaltninga i Noreg. Årsaka var kanskje at det allereie i 1894 skjedde ei gjennomgripande omorganisering av det sivile embetsverket. Desse endringane hadde avgrensa innverknad på verksemda til amtmennene.   

1837
Formannskapslovene la rammene for kommunane, noko som skapte eit nytt system i den lokale statsforvaltninga, med følgjer for verksemda til amtmennene. Dei fekk no oppgåver som tilsynsmenn for kommunane og blei dessutan administrative leiarar for amtskommunane, som skulle ta seg av dei regionale oppgåvene som kommunane ikkje kunne klare på eiga hand. Denne ordninga varte fram til 1976.

1814
Grunnlova av 1814 innebar ingen gjennomgripande endringar «nedover» i styringsapparatet. Amtmannsinstitusjonen levde vidare, stort sett i same spor som tidlegare. Amtmennene fann si rolle i det nye Noreg og voks seg saman med det gryande folkestyret. Forklaringa på dette kan liggje i at institusjonen allereie bar i seg «moderne» byråkratiske trekk. Amtmannen var ein lojal og nøytral tenar for statsmakta. Han gjekk inn som ledd i ein hierarkisk styringsstruktur, med klart definerte plikter og oppgåver, og var allereie ein viktig tilsyns- og rettstryggleiksinstans til gode også for innbyggjarane. 

Men amtmennene hadde eit dobbelt ansvar. Dei skulle representere statsmakta og vere ein kanal for styringssignal ovanfrå og ned. Samtidig skulle amtmannen fremme interessene til sitt eige distrikt. Amtmannsinstruksen stilte store krav til initiativ og engasjement.  

1685
Det var no sett i gang omfattande reformer i den samla lovgivinga. Det munna ut i kong Kristian 5. lov frå 15. april 1687, som handla om «Kongens Befalingsmænd og andre Betiente». Den 7. februar 1685, allereie to år før lova var ferdig, låg det føre ein egen instruks for amtmennene. Instruksen skulle, med små endringar, gjelde i 300 år, heilt fram til 1981.

1662  
Kong Fredrik 3. var lei mektige og sjølvstendige lensherrar i Danmark-Noreg. Den 28. april 1662 underteikna kongen den aller første «amtmannsinstruksen», som slo fast at kongemakta heretter skulle vere representert av lojale og pliktoppfyllande embetsmenn – med fastlønn. Dei skulle gjere greie for inntekter og utgifter. Dei skulle, i alle fall i prinsippet, rekrutterast på grunnlag av evner, ikkje ut frå medfødde privilegium. (I 1918 blei amtmennene døypte om til fylkesmenn.)

1160
Noreg blei samla til eitt rike i åra etter Harald Hårfagre. Før det var Noreg ei samling ueinsarta, men sjølvstendige administrative og rettslege einingar utan noka samla overordna styring. Desse einingane hadde ulike nemningar, slik som herad, skipreide eller fylke. Med kong Sverre på 1200-talet blei riksstyringa i sterkare grad knytt til kongen som person, og ein del av maktutøvinga skjedde «på staden» ved at kongen reiste rundt og hadde lengre opphald i distrikta.

I visse distrikt eller landsdelar blei etter kvart «styringa» overlaten til ein rekkje lendmanns- og årmannsombod.

  • Lendmennene var høgætta personar. Tittelen var nærmast arveleg, og lendmennene hadde høg sosial status. 
  • Årmennene var meir lågætta, ofte frigitte trælar eller trælesøner. Dei forvalta kongsgardane som lendmennene ikkje sat på.    

Både lendmenn og årmenn var representantar for sentralmakta eller kongen. I slaget på Kalvskinnet i 1179 fall mange av lendmennene. Dei seinare kongane rekrutterte sysselmenn frå kongshirda. Sysselmennene blei krumtappar i eit «rikseinskapleg lokalstyre» og tok hand om dei fleste offentlege forvaltningsoppgåver. 

Det var fleire omfattande endringar i forvaltninga dei neste hundreåra, blant anna innan rettsstell og militærstell og med regional- og lokaladministrasjonen. Etter innføringa av eineveldet i 1660 med sentralforvaltning av Danmark-Noreg med sete i København fall lensordninga bort.

Kjelder:

  • Fylkesmannsboka av Rolf Normann Torgersen (utgitt av Administrasjonsdepartementet i 1995)
  • «Søner av eineveldet», kronikk av Yngve Flo (Kommunal rapport, 26. april 2012)
  • «Statens mann, fylkets mann - norsk amtmanns- og fylkesmannshistorie 1814 - 2014» av Yngve Flo (Fagbokforlaget)
  • «De første norske amtmænd», historisk artikkel av Karl Peder Pedersen (Heimen 2007)
  • Regjeringen.no
  • Stortinget.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.