Mellombels forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket

Det er innført forskrift om mellombelse tilskot for 2020 til heilmekanisert slutthogst og tynning, og taubanedrift. Her kjem informasjon om praktisering av forskrifta for Vestland fylke.

Driftskostnaden må vere høgare enn kr 160 per m³ (tynning: kr 230 per m³). Skogeigar søkjer om tilskot digitalt ved å logge inn i Altinn gjennom skogfond.no eller ved å fylle ut søknadsskjema: LDIR-916 for taubanedrift eller heilmekanisert drift, etter forskriftas § 4, e, f og g, eller LDIR-929 for dei andre ordningane etter §§ 3 og 4. Papirsøknaden skal sendast til kommunen. 

Skogeigar må be om utbetaling av tilskotet til seg sjølv eller til tredjeperson via skogfond.no eller på eige skjema.

Rettleiing for elektronisk søknad finn du her.

Ordningane vert forvalta av Fylkesmannen, men skal førebuast av kommunen.

For taubanedrift vert tilskotet gjeve som eit variabelt kronetillegg for driftspris over kr 300 per m³, sjå diagrammet. Her trengs det berre ein søknad når det både vert søkt om tilskot frå kommunen (LUF) og tilskot etter den nye forskrifta. Kommunane handsamar søknaden på vanleg måte og sender kopi av søknadsskjema og vedtak til Fylkesmannen.

 

Figur 1 viser storleik på tilskot til heilmekaniserte slutthogster og tynning.

 

 

Figur 2 viser tilskot til taubane § 5 (regional) tilpassing

 

Tilskotet gjeld drifter starta etter 12. mai 2020

Siste frist for å be om sluttutbetaling er 30. november 2020

Rettleiing for sakshandsamarar. Sjå også her

 

Kontaktpersoner