Hjort, skog og gras

Hjortebestanden er høg og korleis kan landbruksnæringa tole den store belastninga med beiting? Det vert fagdag 19. juni i Ålfoten om utfordringar i skogforynging og grasproduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.05.2019

Fylkesmannen i Vestland, Bremanger kommune, Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Vestskog inviterer til fagdag i Ålfoten i Bremanger onsdag 19. juni kl. 10.30. Tema er hjorteskader på skog/gras og kvalitet på skogplanter.

Stort beitetrykk frå hjort på skog, billegnag og nye plantetypar er ei  velkjend og aukande utfordring. Skogeigarar gir opp å plante oppatt etter avverking nettopp fordi hjorteskader er øydeleggjande. I tillegg gir snutebilleskader på nyplantingar ekstra utfordringar.  Hjorten beiter også grådig på grasvoksteren på innmarka. 

 

Program

10.30: Frammøte:  Ålfoten (merka frå riksvegen 20 min aust frå Svelgen)

  • Forvalting av jaktbart vilt og skogskader: Status på landsbasis ved Espen Stokke, LMD
  • Vestlandsbonden har ikkje råd å for å betale for dagens hjortebestand ved Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
  • Forvaltning av hjortebestanden i Bremanger kommune ved Bjørn Henry Martinussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune
  • Verdivurdering av hjorteskader på skog og innmark ved Samson Øpstad, Nibio Fureneset

13.00 – 13.45: Matykt

13-45 – 14.30: Diskusjon

14.30 – 16.30: Forflytting til plantefelt

  • Kort historikk i feltet ved Bjørn Henry Martinussen
  • Erfaringar og utfordringar i plantelogistikken i praksis ved Vidar Jørdre, Vestskog
  • Tiltak mot snutebiller: Voksbehandling - ein «kvikk fiks»? Ved Merete Larsmon, fylkesmannen i Vestland
  • Kort diskusjon og oppsummering av dagen ved Halvor Brosvik, Vestskog

 

Av omsyn til matykta ber vi om påmelding innan 17. juni til Merete Larsmon, tlf. 97140060 eller e-post fmsfmla@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.