Tilskot til drift av bratt areal

Bratt areal, Aurland kommune
Bratt areal, Aurland kommune (Foto: Fylkesmannen)

Det kan gjevast tilskot for drift av jordbruksareal med hellingsgrad 1:5 eller brattare som eit driftsvansketilskot og for å ta vare på kulturlandskapet. Tilskotet kan gjevast for fulldyrka og overflatedyrka grasareal i drift (ikkje innmarksbeite), og for hagebruksareal i drift med næringsføremål.

Fulldyrka og overflatedyrka grasareal skal haustast ved slått til dyrefôr minst ein gong i vekstsesongen. Areal med fleirårige hagebruksvekstar skal vere i aktiv drift med naudsynt skjøtsel av frukttre/bærbuskar/stauder, slått av undervegetasjonen minst ein gong i vekstsesongen, hausting og omsetting av frukt/bær/urter, eller omsetting av foredla produkt basert på frukt/bær/urter frå godkjent areal. Areal med eittårige hagebruksvekstar skal vere i aktiv drift med naudsynt skjøtsel, gjødsling, ugrasreinhald, hausting og omsetting av vekstar, eller omsetting av foredla produkt basert på vekstar frå godkjent areal. For omsetting av foredla produkt gjeld same omsetningskrav som for produksjonstilskot.

Tilskotet blir fastsett per dekar. Det er ikkje noko nedre eller øvre avgrensing på utbetaling eller tal dekar per føretak innan tiltaket.

I elektronisk søknad vil alt innmarksareal som eit føretak disponerer vere markert med blått i kartet, også innmarksbeite, sjølv om innmarksbeite ikkje kan godkjennast innan dette tilskotet. NB! Søkar skal velje tiltaksklasse for slått eller hagebruksareal. Søkar skal deretter teikne kva areal som er slått og hausta som fôr, eller som det er dyrka hagebruksvekstar på, og som elles fyller skjøtselskrava innanfor det blå arealet. Når søkar slik markerer i kartet kva areal som er hausta/skjøtta (uavhengig av hellingsgrad), vil søknadsportalen sjølv finne bratt areal innanfor det teikna arealet. Søknadsportalen vil rekne ut og ved importering frå kartet legge inn i søknaden kor mange dekar bratt areal per hellingsgrad det er innanfor arealet som søkar har teikna (dvs innanfor det arealet søkar har hausta/skjøtta). Det er tilstrekkeleg at søkar teiknar inn skjøtta areal der kartet markerer at det er bratt areal.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Overflatedyrka og fulldyrka 1:5 kr 289 per daa
(Slått og hausting til fôr på full- og overflatedyrka areal med helling frå og med 1:5 til 1:3)
Overflatedyrka og fulldyrka 1:3 kr 434 per daa
(Slått og hausting til fôr på full- og overflatedyrka areal med hellingsgrad frå og med 1:3)
Fruktdyrking 1:5 (gjeld også anna hagebruksareal) kr 867 per daa
(Produksjon for omsetning på frukt- og anna hagebruksareal med hellingsgrad frå og med 1:5 til 1:3)
Fruktdyrking 1:3 (gjeld også anna hagebruksareal) kr 1301 per daa
(Produksjon for omsetning på frukt- og anna hagebruksareal med hellingsgrad frå og med 1:3)