Tid for eigenkontroll av gjødsellager

Gjødselport
Gjødselport (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Regelmessig tilsyn av gjødsellager og teknisk utstyr vil redusere risiko for uhell og forureining.

Ein stor del av driftsbygningane blei bygd for 30-50 år sidan, og av og til skjer det større og mindre utslepp frå gjødsellager. Årsaka kan vere svikt i eldre gjødselportar, tappekranar og andre konstruksjonar som er særleg utsette i eit aggressivt miljø.

Sommaren er tida for tomme gjødsellager og rett tidspunkt for kontroll. Her er lista opp ein del viktige sjekkpunkt for årlege kontrollar.

Gjødsellager betong:

  • Sjekk om synleg lekkasje frå gjødsellager
  • Sjekk inspeksjonskum til drenering rundt gjødsellageret
  • Sjekk betongen i berande konstruksjonar, at den ikkje er forvitra og armeringa er synleg
  • Sjekk opplegg for gjødselrister og spalt
  • Ved vedlikehald i innvendig i gjødsellager må det nyttast fagfolk med spesialutstyr (gassfare)

Gjødselkum betongelement:

  • Sjekk om synleg lekkasje
  • Sjekk inspeksjonskum til drenering rundt gjødselkum
  • Sjekk om riss og forvitring i samanføying mellom betongelement
  • Sjekk om armering er synleg
  • Sjekk om korrosjon på eventuelt utvendige strekkband/vire

Gjødselkum stål:

  • Sjekk om synleg lekkasje
  • Sjekk om skade på innvendig pvc-duk
  • Sjekk om korrosjon på utvendig stålplater og søyler
  • Sjekk om korrosjon på boltar i plateskøytar
  • Sjekk om korrosjon på innfestingsboltar for stålsøyler til tresvill
  • Sjekk om ròteskader på tresvill

Gjødselport:

  • Sjekk om korrosjon og sprekker på metallkonstruksjon i gjødselport
  • Sjekk om korrosjon på innfestingsboltar
  • Skift gummilist og finèrplate i gjødselport ved behov

Tappekran montert i gjødsellager

Tappekran montert i gjødsellager (Foto: Fylkesmannen i Vestland)

Tappekran:

  • Sjekk om korrosjon på innfestingsboltar for tappekran
  • Sjekk om korrosjon på rør
  • Sjekk om korrosjon og funksjon på tappekran
  • Ver merksam på frostskader i kran