Småskala grøntprodusentar i Nordfjord

Dronefoto av grønsaksrekker og hvit tunnell ved driftsbygning og hus.
Dronefoto frå Torheim gard i Hjelledalen i Oppstryn. Foto: Mark og Nina Watkins / Torheim gard.

Det har etablert seg fleire småskala grønnsaksprodusentar i Nordfjord dei siste åra. I denne artikkelen kan du få eit innblikk i produksjonen dei driv. Gardane finn du i Oppstryn, Stårheim og i Sandane. 

Publisert 25.07.2023

Torheim gard

Mikkelsgard

Knutebruket

Måneskinshagen - Gardsbrenneriet

Gloppen Produsentlag

 

Torheim gard i Hjelledalen

Kvinne med greip i grønnsaksåker til venstre, mann i drivhus med tomatplanter til høyre
Foto: Watkins / Torheim gard.

Nina og Mark Watkins eig Torheim gard øvst i Hjelledalen i Stryn. Dei driv ein marknadshage på tredje året og har i tillegg om lag 30 vinterfora sauer. Dei foredlar sauekjøtet og sel til privat kundar og til restaurantar.

I år starta dei ein prøveproduksjon med sider frå eigenproduserte og innkjøpte råvarer frå Oppstryn. Andre inntekter er frå å leige ut den tidlegare kårbustaden i sommarhalvåret.

Grønsakskasser i en bil med en smilende kvinne i forsetet
Foto: Watkins / Torheim gard.

Den småskala grønsaksproduksjonen er på om lag 1,5 dekar, på dei flataste og næraste areala til tunet. Det lettar arbeidet med innhausting og logistikk. I dag sel dei hovudsakleg til ein lokal restaurant og nokre lokale hotell, samt på REKO-ringane lokalt.

Gårdsbygninger i bakgrunnen av grønnsaksfelt, hvor noen felt er dekke med hvit plastduk
Foto: F.Lindén / SFVL.

Torheim gard ynskjer å drive heile garden og drifte kulturlandskapet dei no forvaltar. Dei legg Holistic Management og regenerative prinspipp til grunn for produksjonen sin. Paret har ein stor lidenskap for mat og matkultur, og Mark vidareutdannar seg innan lokal matkultur på Fagskulen i Vestland, i Ulvik. Paret planlegg å inkludere fleire foredla produkt som ein del av inntektsgrunnlaget.

Rekke med fenikkel og jordtemperaturmåler i forgrunnen
Foto: F. Linden / SFVL.

Watkins arbeider systematisk med å forbetre den økologiske grønsaksproduksjonen på garden, og har begynt å utforske korleis dei kan ta i bruk biodynamisk metodar i drifta si. Dei planlegg å utvide grønsaksproduksjonen med eit oppvarma drivhus, og tunnelar som kan tåle dei sterke fallvindane som av og til herjar i Hjelledalen i vekstsesongen.

Grønnsaksrekker med hus i bakgrunnen. Hvit plast.
Foto: F.Linden / SFVL.

Sjå fleire bilete og les om Torheim gard på: 

Torheim Gard (Facebook)  

Torheim Gard (Instagram)

Torheim Gard (heimeside)

FAKTA:

TORHEIM GARD

Driftast av: Mark og Nina Watkins

Kommersielt oppstartsår: 2021

Antall daa markedshage (inkl. gang): 1,5 daa

Traktordreven grønnsaksproduksjon i tillegg?: Nei

Dominerande jordtype: Siltig mellomsand (morenerygg)

Kommune: Stryn - Hjelle

Herdigheitssone: 4-6

Siste frost-dato: ca. 17. mai

Omsetningskanalar: Restaurant, hotell, REKO

Tunnel/drivhus: Ja ein tunnel på ca 4x15 m

Andre produksjoner/aktivitetar: Sau, turisme, planlagt sider-produksjon

Debiosertifisert økologisk: Ja

 

Mikkelsgard på Stårheim

Johannes og Helene Nome driv Mikkelsgard på Stårheim i Stad kommune.

Mann og kvinne i organge og rosa jakke i et lite drivhus med oppalsplanter.
Foto: F.Lindén / SFVL.

Dei har oppal av eigne småplanter, og plantar ut fleire hald av dei rasktveksande grønsakene, til dømes salat og mangold, i løpet av vekstsesongen.

Salat i rekke på svart plastduk
Foto: F.Lindén / SFVL.

På Mikkelsgard er det flate, sørvende jorde og dei har rikeleg med areal å ta av til å drive produksjon. Dei nyttar traktor i delar av produksjonen, men skal halde nokre av areala som faste bed og marknadshagedrift.

Rekker med grønnsaker, noen med fiberdu. Gårder og fjellandskap i bakgrunnen
Foto: F.Linden / SFVL.

Vatningssystemet er ei utfordring i tørre periodar. Inntil det er funne ei løysing for å grave ned eit vassrøyr frå tunet, vert vasstanken fylt opp og nytta til vatning. I år kom vassarven fort, etter dei mange rotbløytene i juli.

Felt med grønnsaker dekket med fiberduk, bolighus i bakgrunnen
Foto: F.Lindén / SFVL.

Grønsaksfelta er godt synlege frå bygdavegen, og dei vurderer å legge til rette for vegsal i delar av sesongen. Dei er vande med å ha folk på garden i samband med juletresalet og arrangement i stabburet på Mikkelsgard.

Sjå fleire bilete og les meir på nettet om Mikkelsgard:

Mikkelsgard (Facebook)

Mikkelsgard (Instagram)

Mikkelsgard (heimeside)

FAKTA

Mikkelsgard

Drifta av: Johannes Nome og Helene Topland Nome

Kommersielt oppstartsår: 2020

Antall daa markedshage (inkl. gang): 2 daa

Traktordreve grønsaksproduksjon i tillegg?: Ja, potet ca 1 daa

Dominerande jordtype: Siltig mellomsand, lettleire

Kommune: Stad - Stårheim

Herdigheitssone: 2-3

Siste frost-dato: Midten av mai

Omsetningskanalar: REKO og restaurant, gardssal.

Tunnel/drivhus: Nei

Andre produksjonar/aktivitetar: Egg, juletre og grovfôr.

Debiosertifisert økologisk: Nei

 

Knutebruket i Sandane

Garden Knutebruket held til sentralt i Sandane og vert driven av Anne Kristin Moe.

Gult hus i bakgrunnen og grønsaksbed i forgrunnen
Foto: F.Lindén / SFVL.

Marknadshagen har allsidig grønsaksproduksjon i faste bedd og traktordriven potetproduksjon på til saman om lag 1,5 daa. Gulrot og betar blir sådde direkte, medan andre grønsaker blir forkultivert i eit lite veksthus på garden.

En pose leveres fra en person til en annen . Biler i bakgrunnen.
Foto: F.Lindén / SFVL.

Anne Kristin Moe sel grønnsaksposar med 5-7 ulike grønnsaksslag på dei lokale REKO-ringane. Her frå Nordfjordeid i 2022.

Les meir og sjå fleire bilete frå Knutebruket på: 

Knutebruket (Facebook)

Knutebruket (Instagram)

 

Måneskinshagen til Gardsbrenneriet i Sandane

Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby driv handverksdestilleriet Gardsbrenneriet frå garden sin på Sandane.

Garden har lange tradisjonar for frukt- og grønsaksproduksjon og dei dyrkar no alt frå frukt, bær, krydder og grønsaker i småskala. Råvarene vert foredla til blant anna eplemost, sider, likørar og brennevin. 

Ein person som vatnar småplanter i eit drivhus/plasttunnell
Foto: Gardsbrenneriet.

Dei bygger no opp ein produksjon av økologiske småplanter, spesielt med tanke på eigenproduksjon av urter til gardsbrenneriet.

Småplanter for sal på stand i et telt. En person bøyer seg ned til høyre i bildet
Foto: Gardsbrenneriet.

På våren har dei også produksjon av økologiske grønsaksplantar og eit sjølvbetjent planteutsal.

To personer som freser i en brun åpen åker
Foto: Gardsbrenneriet.

Gardsdrifta og delar av vidareforedlinga er under omlegging til økologisk, Debio-godkjent drift.

Grønnsaksrekker med fjord, hus og fjell i bakgrunnen
Foto: F.Lindén / SFVL.

Dei ulike kulturane og sortane blir testa i eit testfelt, og overskot vert seld på REKO-ringen lokalt.

 

Les meir og sjå fleire bilete om Måneskinshagen på Gardsbrenneriet på: 

Gardsbrenneriet (Facebook)

Måneskinshagen (Instagram)

Gardsbrenneriet (heimeside)

 

Gloppen Produsentlag SA

Gloppen produsentlag organiserer 7-8 produsentar som i all hovudsak produserer jordbær og bringebær. All produksjon vert omsett lokalt.

Frukt og bær i et bildecollage
Foto: Gloppen produsentlag SA.

På hausten leverer ein av produsentane gulrot og potet (K. A. Bakketun), og nokre leverer også eple, plomme og hageblåbær på hausten.

Sjå meir om kva Gloppen Produsentlag kan tilby på: 

Gloppen produsentlag (Facebook)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.