Småskala grøntprodusentar i indre Sogn

Grønsaksbed i gårdslandskap
Foto: F.Linden / SFVL.

Det er godt klima og god jord i dei inste fjordarmane våre, veleigna for grønsaksproduksjon. I Marifjøra, Undredal og i Aurland kan ein vekstsesongen 2023 få kjøpt grønsaker frå allsidige, små grønsaksproduksjonar. Dei større produsentane i Lærdal leverer jamt til Bama gjennom heile vekstsesongen, medan marknadshageprodusentane sel lokalt. 

Publisert 15.08.2023

Botun gard i Marifjøra

Hjødlo gard i Undredal

Sogn jord-og hagebruksskule i Aurland (SJH)

 

 

Bøtun gard i Marifjøra

Mathilde og Martin Buch Larsen er opprinneleg fra Danmark. Dei har budd i Marifjøra i fleire år og har arbeidd som folkehøgskolelærarar innan friluftsliv. Frå 2020 har dei bygd opp den småskala grønsaksproduksjonen på garden, frå ein sjølforsyningshage til ein marknadshageproduksjon på 4,5 daa.

Grønsaksbed med hus i bakgrunnen
Småbruket ligg i en svak sørvendt helling og som passar godt for småskala grønsaksproduksjon. Dei har hatt frittgåande slaktegris og sauehald, men har trappa ned på husdyrhaldet og heller auka aktivitetar som servering og kursverksemd i tillegg til grønsaksproduksjonen. Foto: F.Linden / SFVL.
Glasshus til venstre, grønsaksbed nedover
I 2022 bygde dei det som skulle verte eit nytt pakkerom og oppalsrom for planter, samt toalett for for medarbeidarar og gjester. Det sørvendte og fine oppalsrommet med mange vindauger blei fort til ideen om ein kafé, og då fekk delar av pakkerommet raskt eit lite produksjonskjøkken i tillegg. Foto: F.Linden / SFVL.
Bord til høgre, på betonggolv, mjølkespann i forgrunnen, og rader med grønnsaker tildekte med insektsduk
I 2023 har dei levert mat til fleire lokale arrangement i Sogn, i tillegg til open kafe på garden delar av veka. Dei har óg invitert til spesialmiddagar med michelin-premierte kokkar. Med andre ord satsar dei både på kvalitet og nyskaping, når dei inviterer til samarbeid kring grønsaksproduksjonen sin. Foto: F.Linden / SFVL.
Kvinne som peiker inn i ei korg med mange ulike grønsaker
I tillegg til serveringstenestene på garden har dei om lag 50 private hushald og fleire hotell-restaurantar, som dei leverer fast til kvar veke eller kvar 14. dag. Dei leverer grønsakene i kassar med om lag 6-9 ulike grønsaksslag og urter eller spiselege blomar. Foto: F.Linden / SFVL.

Les meir detaljar om grønsaksproduksjonen på Bøtun gard, i denne virtuelle studieturen frå 2022. 

Grønnsaker på rekke og rad med tunnell og kafehus i bakgrunnen
Produksjonen på Bøtun gard ligg tett på kafeen og produksjonslokala. I andre etasje er det rom for større middagar, og til og med yoga-undervisning, som Mathilde tilbyr. Foto: F. Linden / SFVL.

 

Hjødlo gard i Undredal

Jannicke Hjellum har i 2023 skalert opp frå testbed til å få dei faste beda i sin marknadshageproduksjon i gong. Garden tok ho over for få år sidan, etter at ho hadde gått på Sogn-jord og hagebruksskule. 

Kvinne i forgrunnen, landskap med grønnsaker bak
Garden ligg på nokre av dei flataste areala i Undredal, på ei hylle på Hjødlo. Ho driv garden åleine, med noko hjelp av faren.  Foto: F.Linden / SFVL.
Grønnsaksfelt med drivhus og fjøsbygninger og fjell i bakgrunnen
Ho planlegg fire hovedfelt, med køyregangar som er breie nok til å køyre traktor på. Drivhuset er sett opp av utrangerte vindauger frå ei skule (SJH), og gjer at ho både kan ha oppal av småplanter til fleire hald av til dømes salatar og neper. Foto: F. Linden / SFVL.
Nærbilete av knutekål med blader
Hjellum har stort sett satsa på grønsaker ho kan ha fleire hald av i ein vekstsesong, for å skape ein god grunnøknomi i grønsaksdrifta. Knutekål har vorte ein av favorittane til både Jannicke og restauranten ho samarbeider med. Foto: F.Linden / SFVL.
Grønsaksrekker med fjell i bakgrunnen
I år har Jannicke i tillegg fått eit gartnaroppdrag med å halde dyrkingskassar og store pottar med blomar i Gudvangen. Dette har skapt ei basisinntekt i lag med grønsakene ho sel til eit av hotellkjedene i Gudvangen. Av grønsaker har dei teke inn neper, salat og andre grønsaker ho kan levere ferskare enn dei vanlege leverandørane til serveringsstadene. Foto: F. Linden / SFVL.
Rekker med grønnsaker  med hus i bakgrunnen
Garden litt midt i eit turistområde med fleire restaurantar og hotell som treng jamn forsyning av grønsaker. Ho vonar ho kan halde seg til ein mottakar i nokre år framover, til ho har fått full kontroll på produksjonen, som skal kunne kombinerast med eigen utleigeverksemd på Airbnb i sommarsesongen. Utleigehuset ligg nært produksjonen (til høgre biletet) og gjestene har grønsaker inkludert i leiga. Foto: F. Linden / SFVL.
Grønnsaker i kvit og svart ull
I nokre av beda med lite frøugras, har Jannicke god erfaring med å bruke skrap-ull som jorddekke. Foto: F. Linden / SFVL.

 

Fylj med vidare i produksjonen på Instagram

 

Sogn Jord-og hagebruksskule i Aurland (SJH)

Sogn Jord-og hagebruksskule (SJH) i Aurland har ei landsdekkande linje i økologisk landbruk på vidaregåande skulenivå. I tillegg til mjølkeproduksjon med storfe og geit, har dei ein større produksjon av grønsaker. Den vert drive både med traktor og i marknadshageformat, samt i uoppvarma drivhus. I framtida vil dei utvikle og integrere frukt-og bærproduksjon i marknadshagedrifta.  

Grønsaksrekker med gule hus og fjell i bakgrunnen
SJH driv i tillegg eit kompetanseutviklingsdel, kor dei no tilbyr fagskulestudiar innan ysting, og har hatt fleire kurs og markvandringar for småskala grønsaksprodusentar i Vestland. Kompetansennettverket for lokalmat i i Vestland, held óg til på SJH, og gjer dei til eit nav for utviklinga av lokalmat og økologisk landbruk både regionalt og nasjonalt. Foto: F. Linden / SFVL.
Grupper av mennesker i et bringebærfelt med fjell i bakgrunnen
SJH driv i også eit kompetanseutviklingsdel, kor dei tilbyr fagskulestudiar innan ysting, og har hatt fleire kurs og markvandringar for småskala grønsaksprodusentar i Vestland. Kompetansennettverket for lokalmat i i Vestland, held óg til på SJH, og det gjer skulen til eit nav for utviklinga av lokalmat og økologisk landbruk både regionalt og nasjonalt. Foto: F. Linden / SFVL.
Rund grønkledd beholder hvor folk står rundt mens en veileder forteller i forgrunnen
SJH har alltid vore kjent for grønsakene sine og la for om lag 5 år sida om delar av grønsaksproduksjonen til marknadshagedrift. Det er Matthias Lehrmann som no er hovudsansvarleg for drifta og ynskjer å utvikle grønsaksproduksjonen i tråd med regenerative prinsipp og ein levande matjord. Biletet er frå ein markvandring i 2021 kor levande matjord og kompost var eit viktig tema. Foto: F. Lindén / SFVL.
Bringebær , nærbilde av to røde og flere mindre umodne. Bladverk.
Dei siste åra har dei aktivt prøvd ut bærproduksjon som ein kombinert dela av drifta, og vurderer no ei utviding med fruktproduksjon tettare opp mot marknadshagen. Foto: F. Linden / SFVL.
Rekker med grønnsaker, gulehus i bakgrunnen
SJH har prøvd ut fleire metodar og artar for under-og etterkulturar i grønsaksfelta, både i marknadshagen og i den traktordrevne grønsaksproduksjonen. Foto: F. Lindén / SVFL.
Grønnsaker i felt bak rekker med rug (grasstadiet) i forkant
SJH nyttar rug som etterkultur, fordi den etablerer seg raskt og gir god rotmasse. Ideelt sett ville dei nytta ein meir artsrik blanding, men må få det til å passe både i høve til overvintring og dekningsgrad. På biletet ser ein rug med god dekningsgrad i ferdighausta grønsaksbed. Foto: F. Lindén / SFVL.
Grøne vekster med kompostjord i midten
Mange marknadshagar har ikkje nødvendigvis husdyrgjødsel som grunngjødsel, så SJH har prøvd å sette mål for kor stor del av areala ein bør sette av til grøngjødsling. Førebels stipulerer dei at om minst ¼ del av areala i ein marknadshage bør settast av til grøngjødsling i husdyrlause produksjonar. På biletet over har dei spreidd kompost i eit grønngjødslingsfelt som er i god vekst. Foto: F. Linden / SFVL.

Les meir om Sogn jord-og hagebruksskule på nettsida deira - der finn du og lenker til både facebook-side og instagramkonto. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner