Småskala grønsaksproduksjon i Sunnfjord

Grønnsaker i rekker med by-og fjell i bakgrunnen
Vie andelslandbruk i Førde. Foto: F. Lindén / SFVL.

I Sunnfjord er det småskala grønsaksproduksjon og marknadshagar på Kusslid i Førde, i Haukedalen og på Mo vidaregåande skule. I tillegg dyrkar ei gruppe forbrukarar grønsaker på Vie Andelslandbruk i Førde.

Publisert 26.07.2023

Kusslid gard

Knoltrebruket i Haukedalen

Mo - Førde Vidaregåande skule

Vie Andelslandbruk

 

Kusslid gard

Anne Therese Kusslid driv gard i lag med mannen på Kusslid mellom Førde og Vassenden. Ho har tidlegare undervist på Mo og Jølster VGS. Dei har ein større saueproduksjon på garden som mannen har hovudansvar for, medan Anne Therese ynskjer å utvikle småskala grønsaksproduksjon for direktesal, og truleg utvide med pedagogiske tenester etterkvart.

Kvinne i regnklær som står å forklarer noe, grønnsaksproduksjon i bakgrunnen , hvite bøyler og duk.
Foto: F. Lindén / SFVL.

På Kusslid vurderer dei å drive garden etter regenerative prinsipp, og har nett teke eit kurs i Holistic Management. Nokre av prinsippa er å ta vare på jordlivet og snu jorda minst mogleg. Dei utvidar difor nye grønsaksareal med å brakke med siloduk.

Svart plastduk på et jorde. Landskap og vann i bakgrunnen
Foto: F. Lindén / SFVL.

Det har vore testproduksjon på Kusslid i nokre år og varene har vorte seld til lokale restaurantar og på REKO-ringen i Førde. Garden ligg nært til eit byggjefelt og dei er freista til å få fleire kundar der i framtida, nærare garden.

Grønnsaksbed i lengdestriper, kvit insektsduk, kløvereng, steingard.
Foto: F.Lindén / SFVL.

Kontakt Anne Theres Kusslid på e-post

 

Knoltregarden i Haukedalen

Ane Gjerland og Vegard Veivåg driv Knoltregarden i lag. Garden ligg i enden av vatnet i Haukedalen, 300 meter over havet.

To personer står i grønsaksbed. Gård og fjell i bakgrunnen
Foto: F. Lindén / SFVL.

Dei driftar areala (ca 0,5 daa) etter permakulturprinsipp, og ynskjer å utvikle den til både produksjon og mangesysleri i form av kurs og viderforedla produkt.

Grønsaksbed i forgrunnen og ei kirke med vann bak i bakgrunnen
Foto: Ane Gjerland / Knoltregarden.

Over to år har dei brukt tid på å bli kjent med klimaet og vekstsesongen, kurse seg og etablere grønsaksfelta.

En papirpose med ulike grønsaker, nokre av dei pakka inn i plastposar
Foto: Ane Gjerland / Knoltregarden.

I dag byggjer Vegard opp ein honningproduksjon, og i år testar dei ulike variantar av grønsaksposar for fyrste gong.

Grønsaker i rekker
Foto: F. Linden / SFVL.

Sjå fleire bilete på sosiale medium:

Instagram: @Knoltregarden

 

Førde vidaregåande skule - Avdeling naturbruk på Mo

Mo vidaregåande skule har ein mindre grønsaksproduksjon både på friland og i veksthus, kor elevane deltek i produksjonen. 

Tomater i klaser i drivhus. Noen grønne og noen modne røde tomater
Foto: F. Lindén / SFVL.

Om våren sel dei småplanter. Bileta er frå 2021, men er gjeldande for 2023 også. 

Utside av drivhus med småplanter i forgrunnen.
Foto: F.Linden / SFVL.

 

Les meir og sjå fleire bilete på sosiale medium:

Gartneriet / Gardsutsalet på Mo (Facebook) 

Gardsutsalet på Mo (Instagram)

Gardsutsalet på Mo (nettside)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.