Skal du på hausttur i fjellet?

Sau på utmarksbeite i Fødalen
Sau på utmarksbeite i Fødalen Foto: Inger Marie Hernes, SFVL.

Hausten er ei flott tid i fjellet, og om du nyttar dagane på tur i utmarka kan det henda at du treff på beitedyr. Her kjem litt tips og informasjon det kan vera greitt å ha i bakhovudet.

Publisert 16.08.2023

Kvifor utmarksbeite?

I Vestland fylke vert det årleg sleppt over 400 000 beitedyr i utmarka. Noko storfe og geit, men aller mest sau og lam. Desse dyra vert sleppt for "å gå til seters og gjere seg feite" og gjer ein formidabel innsats med å henta sitt eige fôr i sommarmånadane, som vi ikkje kunne ha nyttiggjort oss på andre måtar. Dei komande vekene er innspurten på beitesesongen før dyra skal heim til gards.

95 % av Noregs landareal består av utmark, og halvparten av dette er eigna som husdyrbeite. Dyra får mosjon og utløp for naturleg åtferd, samtidig som det aukar sjølvforsyning og matvareberedskap. Utmarksbeiting bidreg til god dyrevelferd, er god utnytting av naturressursar, og held vegetasjon nede og landskapet ope i område som kan brukas til friluftsliv. Likevel er det ein risiko med å sleppa dyr i utmarka.

Tap av dyr i utmarka

Det vert gjort eit kontinuerleg arbeid for å redusera tap på beite med fellestiltak, organisert tilsyn og ulike sporingssystem, men det vil alltid vere nokon dyr som går tapt. I Vestland fylke er tapet av beitedyr på om lag 4 %, og for beitebrukaren kan det vere avgjerande å finne skadde eller daude dyr så tidleg som mogleg for å vite årsaka til tapet, og for å setje inn tiltak mot vidare tap. Ein kvar som ser eit sjukt eller skada dyr har plikt til å hjelpe, og no når det er mange folk i på tur i utmarka er det til god hjelp for bonden om de gjev beskjed om de finn noko uvanleg.

Kontaktinformasjon

I mange beiteområde har beitelag hengt opp informasjonsplakat der du kan finna nyttig kontaktinformasjon. Skriv gjerne ned relevante telefonnummer, så er det enkelt å ta kontakt om naudsynt. Det kan vera halte, skadde eller daude dyr, lam som går åleine, laushundar eller noko heilt anna.

Alle dyr skal ha øyremerke som er deira identitetspapir, og der står eit identitetsnummer og eigar. Om du klarar å lesa ID-nummeret er det til stor hjelp. Om du ikkje finn kontaktinfo til eigaren kan du kontakta nokon andre i området, eller kommunen.

Tilsyn

Etter lov om dyrevelferd og forskrift om velferd for småfe har dyreeigar eller annan ansvarleg plikt til å sjå etter dyr på utmarksbeite minimum ein gong i veka, og dei fleste har tilsyn oftare. Ved kjend fare skal tilsynet intensiverast for å oppdaga risiko så tidleg som mogleg. Med dei naturgjevne forholda me har i Vestland kan beitetilsyn vere svært utfordrande, og det kan vere vanskeleg å få auge på skada eller daude dyr.

Det er mange årsaker til at dyr går tapt på utmarksbeite, og farane varierer rundt i fylket. Dei kan bli utsett for ulukker som fall frå fjellhyller og gjennom snøbruer, bli tekne av ras eller i trafikk, eller dei kan pådra seg sjukdom som alveld, parasittar eller frå flått. Vestland er beiteprioritert område der det ikkje skal finnast ynglande rovvilt, men kongeørna tek årleg nokre dyr, og i indre strøk kan det tidvis koma jerv frå nærliggjande rovviltområde.

Om du finn eit skada eller daudt dyr på tur i skogen eller fjellet:

  • Sett opp eit merke så det vert lett å finna tilbake til funnstaden. Plastpose i tre eller liknande kan vere eit synleg merke
  • Skada dyr? Kontakt eigar eller kommune
  • Daudt dyr? Kontakt eigar eller kommune. Ta bilete frå ulike vinklar, og få med øyremerke om mogleg. La kadaveret ligge urørt, men dekk til med t.d. greiner og kvist. Helst ikkje dekk til med plast, det gjer det varmt og fuktig som er ypparlege forhold for larver og fluger
  • Noter kartreferanse og/eller GPS-punkt
  • Mistenker du at dyret er drept av rovvilt skal ein melde frå til rovviltkontakt, bonde eller kommune så fort som mogleg for å sikre bevis. Vestland Bondelag har ein god artikkel på dette her.

Beitedyr i trafikken

Mange stader går det trafikkerte vegar gjennom utmark og beiteområde, og årleg vert dyr skada eller drept i møte med bil. Ver merksam og ta hensyn om du køyrer bil i eit område med beitedyr, og tilpass farta etter forholda. Følg med på terrenget rundt vegen for å få med deg aktivitet, og køyr varsamt for å unngå å påføre dyra unødig stress. Eit dyr som tilsynelatande står roleg i vegkanten, kan brått bli skremt og springe over vegen.

Om uhellet er ute må du ta kontakt med politiet på 02800, som varslar viltnemnda. Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men etter lov om vegtrafikk og lov om dyrevelferd har du plikt til å melde frå om trafikkuhell, og plikt til å hjelpe dyr som er sjuke, skada eller hjelpelause.

Bandtvang

Om du går med hund i beiteområde, hugs at det er generell bandtvang i perioden 1. april til 20. august, og at nokre kommunar har eigne bestemmelsar med utvida bandtvangsperiode. Sjølv om hunden din er verdens snillaste kan beitedyra ha ei anna oppfatning, så ha kontroll på den når du går i beiteområde for å unngå uønska situasjonar.

Takk for hjelpa, og god tur!

Sau på utmarksbeite i Nordfjella
Sau på utmarksbeite i Nordfjella Foto: Inger Marie Hernes, SFVL.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.