Leve heile livet - kvalitetsreform for eldre

Kommunal planlegging og samfunnsplanlegging vert eit sentralt verkemiddel i gjennomføringa av reforma. Kommunane er inviterte til dialogmøte om reformarbeidet.

Kommunane i Sogn og Fjordane og Hordland er inviterte til dialogmøte om Leve hele livet- reforma våren 2019. Fylkesmannen i samarbeid med andre i regionalt støtteapparat, mellom anna KS og USHT arrangerer åtte dialogmøte i løpet av mai og juni 2019. Sjå vedlagt program og møteplan. 

Målgruppe for dialogmøta er politisk og administrativ leiing i kommunane, tilsette og representantar som tek vare på innbyggjar-, brukar- og pårørandeperspektivet.

Meld. St. 15 (2017-2018) Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre er ei eldrereform og ei samfunnsreform. Reformperioden skal vare i fem år, er delt i fire fasar og vi er i gang med første fase. Reforma legg opp til at eldre skal få brukt ressursane sine og dekka behova sine i dei ulike fasane av alderdommen. Det handlar om å skape eit meir aldersvenleg samfunn der eldre kan få leve gode liv og ta del i fellesskapet.

Leve heile livet har fem innsatsområde og 25 konkrete og utprøvde løysingar på område der det ofte sviktar i tilbodet til eldre i dag. Løysingane byggjer på kva eldre, pårørande, tilsette, frivillige, forskarar og leiarar meiner fungerer i praksis. Det vert lagt opp til ein prosess der kommunestyra handsamar og gjer vedtak om korleis løysingane kan tilpassast lokale forhold og verte gjennomført i samarbeid med andre tenesteområde, frivillig sektor og andre aktørar i lokalsamfunnet. Ein ventar også at prioriterte løysingar og tiltak vert innarbeidd i kommunens handlingsplan/økonomiplan. Meir informasjon finn de på Helsedirektoratet si nettside.