Nav må hugse å sende førehandsvarsel

Vi har sett døme på at Nav ikkje har varsla brukaren før Nav krev refusjon i etterbetaling i ytingar frå folketrygda. Dette gjeld refusjon for sosialstønad som Nav har gitt brukaren.

Publisert 02.05.2019

Forvaltningslova inneheld reglar om saksbehandlinga i forvaltningssaker. I paragraf 16 er det avklara at forvaltningsorganet skal varsle ein part før ein gjer vedtak, og parten skal få høve til å uttale seg innan ein gitt frist. Hovudregelen er at varselet skal vere skriftleg.

Ikkje rimeleg med dobbel yting

Det kan vere urimeleg at ein stønadsmottakar får dobbel yting frå Nav til same føremål i same periode. Derfor opnar sosialtenestelova paragraf 26 for at Nav kan krevje refusjon i det beløpet som skal etterbetalast når ein stønadsmottakar med tilbakeverknad får innvilga yting etter folketrygdlova og lovene om krigspensjonering. Føremålet med denne regelen er at stønadsmottakaren ikkje skal få etterbetalt folketrygdstønad for ein periode der vedkomande har fått sosialstønad.

Reglane i sosialtenestelova

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeida rundskriv til sosialtenestelova, rundskriv 35. I dette rundskrivet tolkar og presiserer direktoratet korleis politiske myndigheiter og overordna forvaltningsmyndigheiter meiner at reglane i lova skal forståast og praktiserast. Både Nav og fylkesmennene skal arbeide med utgangspunkt i direktoratets tolking av sosialtenestelova.

Dobbel førehandsvarsling

I rundskriv 35 punkt 4.26.2.3 omtalar direktoratet informasjon og førehandsvarsel når det gjeld vedtak om refusjon i etterbetalingar. Det står at Nav-kontoret i samsvar med god forvaltingsskikk skal informere om mogeleg refusjon allereie i vedtak om tildeling av sosialstønad.

Når Arbeids- og velferdsetaten har gjort vedtak om trygdeyting, skal Nav-kontoret varsle stønadsmottakaren om mogeleg refusjonsvedtak, slik at han får høve til å komme med synspunkt og moment som kan ha betydning for saka. Stønadsmottakaren skal få ein kort frist til å uttale seg.

Når uttalefristen er omme kan Nav vurdere og eventuelt vedta refusjon i etterbetalinga. Avgjerda om å krevje refusjon er eit enkeltvedtak, som stønadsmottakaren kan klage på. Fylkesmannen er klageinstans.

Påminning til Nav

Fylkesmannen i Vestland har behandla klagesaker der vi har sett at Nav-kontora ikkje har følgt reglane om saksførebuing når det gjeld førehandsvarsel for refusjonsvedtak. Vi har difor funne grunn til minne om krava til førehandsvarsel.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.