Tilskot til slått av verdifulle jordbruksareal (slått av dyrka mark utan vegforbinding)

Slått av arealet på den veglause garden Stigen.
Slått av arealet på den veglause garden Stigen. Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for slått av fulldyrka og overflatedyrka areal utan vegforbinding for å oppretthalde jordbrukslandskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.07.2019, Sist endret 20.04.2023

Det skal ikkje vere mogeleg å køyre med bil eller firhjulstraktor til arealet, heller ikkje tilkomst med bilferje. Arealet kan derimot ha tilkomst med tohjulstraktor og ATV, og arealet kan ha tilkomst med kombikatamaran. Sjølv om det ikkje skal kunne køyrast med firhjulstraktor til arealet, kan firhjulstraktor nyttast i drift av arealet (døme: veglause gardar som har tilkomst med kombikatamaran).

Dersom slåttearealet og/eller driftssenteret er veglaust (dvs utan vegforbinding eller tilkomst med bilferje), kan slåttearealet godkjennast. Det vil sei at:

  1. Slåtteareal vert rekna som veglaust og kan godkjennast dersom det ikkje går an å transportera fôr frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor via veg eller bilferje.

  2. Slåtteareal vert rekna som veglaust og kan godkjennast dersom driftssenteret er utan vegforbinding eller tilkomst med bilferje (driftssenter som har tilkomst med kombikatamaran vert rekna som veglause driftssenter). I dette ligg at slåtteareal som ligg på ei øy utan tilkomst med bilferje skal reknast som veglaust areal og kan godkjennast sjølv om fôret kan transporterast frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor inne på øya. For veglause driftssenter på fastlandet vil det same gjelde, slik at areal der kan godkjennast sjølv om fôret kan transporterast frå slåttearealet til driftssenteret med firhjulstraktor.

Arealet skal haustast ved slått til dyrefôr minst ein gong i vekstsesongen, berre beitepussing kan ikkje godkjennast.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • Kr 1250 per daa
    Inntil 30 dekar per føretak

    (Slått og hausting til fôr av full- og overflatedyrka areal på veglause areal)

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP