Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


31.01.2019

Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane Møre og Romsdal 2018

I 2018 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 23,5 tonn. Dette er ein nedgang på 38 % frå 2018. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 4,8 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 620 kilo.

08.05.2018

Fangststatistikk for laks og sjøaure i Møre og Romsdal 2017

I 2017 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 38 tonn. Dette er på same nivå som i 2016. Surna hadde størst fangst i fylket med totalt 6,2 tonn laks i 2017, medan det i 2016 vart fanga 8,2 tonn laks.

09.04.2018

Registrer sjølaksefisket innan 1. mai 2018

Det er registreringsplikt for alle som skal fiske i sjøen etter laks og sjøaure med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging skjer via ID-porten. Registeret har òg betalingsløysing for fiskaravgifta.

20.09.2017

Åpent informasjonsmøte om fiskesperra i Driva

Tid: kl. 18:00-20:00Stad: Støgu i 2. etasje på Sunndal kulturhus, Sunndalsøra

18.08.2017

Film av gyteklar pukkellaks i elva Driva

Ved feltarbeid dokumenterer fiskeforvaltar Leif Magnus Sættem gyting av pukkellaks i Driva. Slike opptak er tidlegare ikkje kjent frå vår del av landet. Filmscena utfyller dei mange presseoppslaga om den spesielle laksearten denne sommaren.

03.08.2017

Løyve til utfisking av pukkellaks i nedre del av Ørstaelva

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjeve Ørstavassdraget Elveeigarlag løyve til å utføre fiske etter pukkellaks og rømt oppdrettslaks med not.

27.06.2017

Åpning av fiskesperra i Driva

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Lars Andreas Lunde stod for den offisielle åpninga av fiskesperra i Driva mandag 26. juni. Det var Miljødirektoratet som inviterte til markeringa av Norges største fysiske fiskesperre.

26.06.2017

Fisketider for laksefiske i sjøen

Vi har registrert sjølaksefiskarane og sender no ut dei siste fangstdagbøkene. Møre og Romsdal er oppdelt i fleire regionar med forskjellige fisketider. Det er derfor viktig at dei som fiskar, set seg grundig inn i kva som gjeld på deira fiskeplass.

02.06.2017

Fiske etter laks og sjøaure i vassdrag i Møre og Romsdal 2017

Miljødirektoratet har kome med sine svar på søknader om endring av fisketider for nokre vassdrag i Møre og Romsdal.

12.05.2017

Endringar i forskrifter for fiske i sjø

Med bakgrunn i den negative utviklinga for sjøaure og laks i Møre og Romsdal har Fylkesmannen kome med endring av forskrifter knytt til fiske i sjø.