Gyrodactylus salaris

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris (G. salaris) er ein alvorlig trussel mot norske laksebestandar. Mattilsynet har ansvaret for overvaking, førebygging og smittebegrensande tiltak. Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten.

G. salaris reknast for å vere den alvorlegaste menneskeskapte trusselfaktoren som har ramma norske laksebestandar. DN jobbar med tiltak for å bevare infiserte laksestammar og fjerne smitta frå vassdraga.