Mat og kultur frå vestnorsk fjordlandskap til Internationale Grüne Woche i Berlin

Oversiktsbilde frå Norge sin stand i 2018
Oversiktsbilde frå Norge sin stand i 2018

Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut til å delta på messa. Er di verksemd ei av dei?

Region Vest er invitert til å delta på den norske standen 17.-26. januar 2020. Fylkesmennene i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland har, saman med  Innovasjon Norge i regionen starta planlegginga. 

Norges deltaking på IGW har som overordna mål å bidra til å utvikla Norge som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Prosjektet skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser. 

Det vestnorske fjordlandskapet

Det finst fleire identitetsrettar som kan knytast til «Smaken av Fjord-Norge». Med utgangspunkt i den vestnorske naturen og fjordlandskapet ynskjer vi å finne smakar som løftar vårt særpreg og kan representera regionen si identitet på messa.

Kva inneber det å vera deltakarverksemd?

Totalt vert 20 verksemder invitert til å delta på messa. Deltakarane kjem frå lokalmat- og reiselivsverksemder og vert fordelt på 2 periodar. Nettverksbygging og framtidig samarbeid vert ein viktig nytteverdi gjennom hektiske, kreative og kjekke dagar saman.

Er du ein aktuell deltakar?

Arrangørane ynskjer ei breitt samansett gruppe av verksemder.

Me ønskjer deltakarar som har lyst til å samarbeida med andre bedrifter, som kan vera gode ambassadørar for Fjord-Norgeregionen på messa og som vil presentera produkta sine til eit større publikum.

Send oss ein e-post innan 7. juni

Dersom du tenkjer dette er noko for deg og di verksemd ynskjer me at du sender oss ein e-post innan 7. juni, der du skriv litt om verksemda di og kvifor du ynskjer å vere med.