Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Omsorgstenester skal organiserast slik at brukar så langt som mogleg kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Omsorgstenester skal utformast i samråd med brukaren. Kommunane har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. 

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, blir ho send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


05.03.2020

Nasjonal informasjonskampanje demens

Som del av regjeringens Demensplan 2020 gjennomfører Helsedirektoratet nå en informasjonskampanje om demens, som har som mål å bygge ned stigma og bidra til at flere med demenssykdom blir utredet og får en diagnose.

03.10.2019

Etablering og drift av dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens

Målet med tilskuddsordningen er å stimulere til drift av eksisterende og etablering av nye, tilrettelagte dagaktivitetsplasser til hjemmeboende personer med demens i kommunene. Helse- og omsorgsdepartementet har vedtatt nytt tilskuddsregelverk for 2019.  

12.09.2019

Vinnar av Omsorgsprisen 2019

Omsorgsprisen 2019 blei delt ut på Fylkesmannens omsorgskonferanse 10.september til Smøla kommune for sitt arbeid med etablering av virtuell avdeling. Prisen blei delt ut av fylkesmann Rigmor Brøste.

02.07.2019

Privat avlasting

Det har kome mykje nytt regelverk om private avlastarar og deira arbeidstid, etter to dommar i Høgsterett.

20.02.2019

Rett til gratis tannhelse

Dei som har regelmessig heimesjukepleie har rett på gratis tannhelseteneste. Det gjeld også om hjelpa vert gitt i ei BPA-ordning.

16.11.2018

Leve hele livet - ei kvalitetsreform for eldre

I mai 2018 kom kvalitetsreforma “Leve hele livet” som har fokus på å skape eit meir aldersvenleg Norge. Tidlegare reformer har ofte handla om system . Leve hele livet handlar om menneske. Med denne kvalitetsreforma er målet å få ei meir gjennomgåande og lik helseteneste, uavhengig av kva kommune ein bur i.

15.10.2018

Faglege råd for lindrande behandling i livets sluttfase

Helsedirektoratet har gitt ut Nasjonale faglege råd for lindrande behandling i livets sluttfase.

09.11.2017

E-læringskurs om saksbehandling

Helsedirektoratet har laga eit e-læringskurs for å sikre god sakshandsaming ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane.

09.11.2017

Forsvarleg hjelp og sjølvbestemmelse

Personar som treng praktisk bistand, har rett til å avgjerde om dei vil drikke alkohol eller røyke, men berre til ei viss grad.

28.09.2017

Krav til kartlegging av behov

Helsedirektoratet har presisert brukarane sin medverknadsplikt i kartlegginga av tenestebehov ved søknad om brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Fleire nyhende


Klage og tilsyn:

Jurist, Eilin Reinaas 71258418
fmmreire@fylkesmannen.no

Spesialsjukepleiar, Guro Sæter, 71258559
fmmrguhl@fylkesmannen.no

Tilskuddsforvaltning, utviklingsoppgaver:

Sjukepleiar, Eli Mette Finnøy, 71258582
fmmrelfi@fylkesmannen.no

Sjukepleiar, Greta Irene Hanset, 71258547                                  fmmrgrha@fylkesmannen.no