Demensplan 2025

Illustrasjon fra forsiden av Demensplan 2020.
Illustrasjon fra forsiden av Demensplan 2020. Foto: Helse og omsorgsdepartementet.

Demensplan 2025 er den tredje nasjonale demensplanen og er regjeringas femårsplan (2021–2025) for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.

Sist endra 23.02.2024

Det overordna målet er å bidra til eit meir demensvennleg samfunn. Eit demensvennleg samfunn er eit betre samfunn for alle, eit samfunn som bidrar til inkludering, likeverd og forståing. Dette krev at vi bygge ned både fysiske og sosiale barrierar i samfunnet.

Erfaringane med dei to tidlegare demensplanane er gode, men tilbake­meldingane frå Helsedirektoratet, personar med demens og deira pårørande samt interesse- og  fagorganisasjonane er eintydige på at vi ikkje er i mål.

Demensplan 2025 inneheld fire hovudinnsatsområde:

  1. medbestemming og deltaking
  2. førebygging og folkehelse
  3. gode og samanhengande tenester
  4. planlegging, kompetanse og kunnskapsutvikling

Les meir på regjeringa sine sider: Regjeringen legger frem Demensplan 2025