Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Personleg assistanse er ei omsorgsteneste som vert ytt av kommunen. Her har vi samla ein del informasjon om ordninga brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Sist endra 26.10.2022

BPA står for «brukarstyrt personleg assistanse».

Brukarstyring betyr at brukaren sjølv styrer kven han vil ha som hjelparar, kva assistenten skal gjere, kvar og til kva tider hjelpa skal ytast.

Brukaren kan òg vere arbeidsgjevar, men det kan kommunen ikkje krevje. Kommunen kan tillate at brukaren eller ein tenesteleverandør har arbeidsgjevaransvaret. Der kommune ikkje har overlate arbeidsgjevaransvaret til brukaren eller ein tenesteleverandør, er det kommunen som er arbeidsgjevar.

Retten til BPA er slått fast i pasient- og brukarrettslova § 2-1 d. 

Kommunen kan også tildele personleg assistanse organisert som BPA til  brukarar som ikkje fyller vilkåra i pasient- og brukarrettslova § 2-1 d. Tenesta vert da ytt med heimel i pasient- og brukarrettslova § 2-1 a, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-8.

Personleg assistanse er ei omsorgsteneste kommunen pliktar å ha, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nummer 6, bokstav b.

I helse- og omsorgstenestelova § 3-8 er det slått fast at kommunen pliktar å ha tilbod om personleg assistanse organisert som BPA.

Sentrale rundskriv om BPA er rundskriv I-20/2000 – Brukerstyrt personlig assistanse, rundskriv I-15/2005 - Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) – utvidelse av målgruppen, og rundskriv I-9/2015 - Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA), som byggjer på dei to tidlegare rundskriva.

Helsedirektoratet har også laga ei opplæringshandbok for BPA, IS-2313.