Jordvern

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

I nasjonal jordvernstrategi har Stortinget fastsett eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir


29.01.2019

Nasjonal jordvernpris 2019

Fylkesmannen i Vestland ønskjer å få inn forslag til kandidatar både frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Kandidatane må vere ein kommune eller fylkeskommune.