Nedbygging trugar matsikkerheita

Landskap, fjøs, veg, gras
Jordbrukslandskap Foto: Svein Kornerud.

Matsikkerheita i Noreg er avhengig av at jordbruksareala vert tatt vare på. Jordvernet i Noreg er ikkje godt nok.

Publisert 05.12.2023

Riksrevisjonen gir kritikk av arealforvaltninga

Riksrevisjonen uttalte i oktober 2023 at det er kritikkverdig at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, mellom anna ved at store jordbruksareal av god kvalitet er omdisponert og bygd ned. Riksrevisjonen sin rapport «Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet, dokument 3:4 g(2023-2024)» skal handsamast i Stortinget i slutten av januar 2024.

Matjord må takast vare på for all framtid

Arealressursane er den viktigast ressursen i jordbruket og forvaltninga av desse areala må difor ha eit evighetsperspektiv. Matjord er ei avgrensa nasjonal ressurs og eit strengt jordvern er nødvendig for at det skal vere mogleg å produsere mat i framtida. Dette uttalte næringskomitteen i handsaminga av Meld. St. 11 (2016-2017).

Dyrka jord må vike for betong og asfalt

Over tid har det blitt gjort omfattande omdisponeringar av dyrka og dyrkbar jord gjennom planprosessar og dispensasjonar. I perioden 2005-2022 var bygging av bustadar og fritidsbustadar den største årsaka til nedbygging av dyrka jord, noko som kommunane er ansvarlege for. Samferdsel var den nest største årsaka til nedbygging av dyrka jord. Det er staten og fylkeskommunen som sit med ansvaret for mykje av utbygginga av samferdsle. I tillegg byggjer landbruket sjølv ned ein del jord, til dømes ved å byggje driftsbygningar, utvide tunareal og byggje driftsvegar.

Lågare aktivitet i jordbruket trugar òg jordressursane. Eigar av landbrukseigedommar er pliktige til å sørge for at areala er i drift, så lenge dei eig eigedommen. Kommunane skal følgje opp at grunneigarane held driveplikta, men i mange kommunar har ikkje driveplikta blitt følgd godt nok opp. Lågare aktivitet og dårlegare økonomi i landbruket gjer òg at det ikkje blir investert i drenering. Drenering er viktig for at areala skal gje god avling og reduserer klimagassutsleppa frå jorda.

Nasjonale jordvernmål

Regjeringa har sidan 2004 hatt nasjonale jordvernmål. Den årlege omdisponeringa skal ikkje overstige 2000 dekar og målet skal vere nådd innan 2030. Dette målet vart fastsett i juni 2023. Til tross for at vi har hatt nasjonale jordvernmål i nær 20 år, er omdisponeringa og nedbygginga av jordbruksareal for stor. Eit av hovudproblema er at det ofte er den beste jorda som blir omdisponert. Nydyrking kan erstatte tapt jordbruksareal, men dei nydyrka areala har ofte ikkje like god jordkvalitet og lokalklima som areala dei skal erstatte. Dermed blir produksjonsevna lågare og det trengs meir gjødsel og liknande for å få ei god avling. I tillegg fører nydyrking til tap av natur og utslepp av klimagassar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Faktaboks

Berekraftig arealforvaltning:

forvaltning og bruk av arealressursar, inkludert jord, vatn, dyr og planter,
for å møte dei skiftande menneskelege behova, samtidig som ein sikrar det langsiktige produktive potensialet til desse ressursane og opprettheld miljøfunksjonane deira (IPPC, 2019)