Berekraftig arealforvaltning

Jordvern
Jordvern Foto: SFVL v/Øyvind Vatshelle.

Kommunane er ansvarlege for det meste av arealforvaltninga i Noreg. Men korleis få ei berekraftig arealforvaltning?

Publisert 05.12.2023

Ei berekraftig arealforvaltning er å:

  1. Unngå å omdisponere (tillate bygging på) jordbruksareal
  2. Tilbakeføre planlagt byggeland til jordbruksareal i planane, sånn at arealet ikkje vert bygd ned likevel.
  3. Halde areala i drift og i god stand.
  4. Når nedbygging er heilt uunngåeleg: flytte jorda og dyrke opp nytt jordbruksareal ein annan stad.

Arealrekneskap er eit viktig verktøy for å ha oversikt over kva typar areal som er planlagt bygd ned over tid og kva typar areal som alt er bygd ned. Statsforvaltaren oppmodar alle kommunar sterkt om å ha ei løpande oversikt over arealet i kommunen.

Fleire kommunar har visjon om å vere arealnøytrale, dvs at dei skal restaurere like mykje areal som dei byggjer ned.

Kommunen har fleire verktøy i arealverktøykassa:

  • Kjerneområde landbruk
  • Omsynssoner
  • Temaplaner og strategier
  • Temakart
  • Planbestemmelser
  • Retningslinjer til plan
  • Kommunale jordvernmål

Det er òg fleire kommunar som er godt i gang med å følgje opp driveplikta.

Gode intensjonar er likevel lite verd om dei ikkje vert følgd opp i dei politiske vedtaka. Å ta vare på matjorda treng ikkje vere ei motsetning til vekst og utvikling i kommunen. Men ei utvikling som ikkje tek vare på produksjonsareala for mat, er ikkje framtidsretta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.