Økonomisk sosialhjelp

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det finst rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Fylkesmannens oppgåver

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Du sender då klaga til Nav, som sender henne vidare til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har eit tilsynsansvar som inneber rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving. Denne rådgivingstenesta er ofte lagd til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i tråd med lov om sosiale tenester. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til kommunens tilsette.

Vis meir


17.09.2019

Barnefamiliar fekk ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Vaksdal

Vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer ikkje på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Dette kan ha ført til at barn i familiar med låg inntekt ikkje har fått den hjelpa dei skulle ha hatt.

27.08.2019

Barnefamiliar får ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Kvinnherad

Vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer ikkje på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Dette kan ha ført til at barn i familiar med låg inntekt ikkje har fått den hjelpa dei skulle ha hatt.

05.07.2019

Unge får ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Voss

Fylkesmannen har slått fast at unge som har kontakt med Nav Voss ikkje alltid får forsvarlege sosiale tenester, slik dei har rett til etter sosialtenestelova.

09.07.2019

Økonomisk stønad til reise til ambassade utanfor Noreg

Sosialtenestelova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg. Korleis skal Nav vurdere søknader om sosialstønad til å reise til ambassadar utanfor Noreg?

02.05.2019

Nav må hugse å sende førehandsvarsel

Vi har sett døme på at Nav ikkje har varsla brukaren før Nav krev refusjon i etterbetaling i ytingar frå folketrygda. Dette gjeld refusjon for sosialstønad som Nav har gitt brukaren.

25.04.2019

8,5 millionar kroner til utvikling av sosiale tenester ved Nav-kontor i Vestland

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i år hatt 80 millionar kroner til rådvelde til utvikling av sosiale tenester og tiltak etter sosialtenestelova. Om lag ein tidel av pengane går til tolv Nav-kontor i vårt område. Fem av tiltaka er nye i år.

28.02.2019

Fylkesmannen er ikkje klageinstans for avtalar om frivillig offentleg forvaltning

Når kommunen eller Nav-kontoret inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning skjer dette innanfor det privatrettslege området, ettersom dei ikkje har plikt til å tilby slike tenester.

28.01.2019

Nav må vurdere barns beste

Når Fylkesmannen behandlar klagar på sosialhjelpsvedtak, og klagaren forsørgjer barn, skal vi sjå til at Nav har vurdert barnas behov.