Kompetanse i Nav Vestland 2024

Nav Vestland har i samarbeid med Statsforvaltaren utarbeidd ein kompetanseplan for tilsette i Nav-kontora i fylket. Planen er basert på relevante styringsdokument.

Publisert 17.04.2024

Prioriterte kompetanseområde i 2024 er:

  • Inkludering i arbeidslivet for alle
  • Navs arbeid med immigrantar
  • Heilskapleg og tverrfagleg tenester eksternt og internt
  • Tilgjengelege tenester, med ekstra merksemd på økonomisk rådgjeving
  • Ungdomsgarantien
  • Tverrfagleg arbeid med utsette unge og barnefamiliar
  • Bustadsosialt arbeid

Dette forsøkjer vi å svare ut gjennom våre kompetansetilbod. Planen med alle kompetansetiltak finn du under «Dokument». Ta gjerne kontakt om du tenkjer noko manglar. 

Nav Vestland

Nav i Vestland skal vere ein kunnskapsbasert og lærande organisasjon.  All kompetanseutvikling skal ta utgangspunkt i samfunnsoppdraget til Nav og behova til brukaren, i dag og i framtida. Kompetanseutvikling kan vi forstå som eit samspel mellom dei ulike formene for kompetanseheving, og at samspelet skapar læring, ny innsikt, forståing og mangfald. Det er samfunnsoppdraget som til ei kvar tid er grunnlaget for all kompetanseutvikling i Nav. Kjernekompetanseområda rettleiing, forvaltning, inkludering, språk og kunnskap om arbeidsmarknaden vil få særleg merksemd i Nav Vestland. Dei lærande fagnettverka som vart oppretta i 2022, vil vere sentrale i alt arbeid med kompetanseutvikling.

Styringsdokument

  • Mål og disponeringsbrev 2024 til Nav fylke frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Styringsdokument 2024 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsforvaltaren
  • Kommunebrevet 2024 til alle landets kommunar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Samarbeidsavtalen av 30.04.2020 mellom Nav Vestland og Statsforvaltaren
  • Verksemdstrategi fram mot 2030

Verksemdstrategi for Nav mot 2030

Strategien gir retning for organisasjonen når det gjeld kompetanseutvikling og den byggjer på FNs berekraftsmål. Nav skal imøtekomme ein arbeidsmarknad i endring, brukarar skal få dei tenestene og ytingane dei har rett på, og Nav skal finne løysingar saman for dei som treng det mest. Samfunnet er i kontinuerleg endring, både krigen i Ukraina og uro i verden betyr at Nav må omstille seg raskt og vere effektive i løysingane. Kompetansetiltaka vi tilbyr i Vestland skal forsøkje å imøtekomme kompetansebehov i fylket. Det gjeld å følgje med på lokale, nasjonale og internasjonale endringar, og det gjeld å samle kunnskap om Nav-kontora i Vestland. På den måten kan vi treffe med kompetansetilboda.

Mål og prioriteringar

Målet med kompetanseplanen er å bidra til at tilsette i Nav-kontora har tilstrekkeleg kunnskap til å løyse samfunnsoppdraget på ein god måte. Planen skal bidra til at innbyggjarane i Vestland får gode og forsvarlege tenester i tråd med samfunnsoppdraget til Nav, strategien for organisasjonen og føremålsparagrafane i sosialtenestelova, arbeidsmarknadslova og Nav-lova.

Menneske skal leve trygge, heile og gode liv. Inkludering blir eit nøkkelord, og vi veit at livsmeistring og integrasjon i samfunnet aukar når innbyggjarane er i jobb. Vi veit også at gode levekår er avhengig av deltaking i arbeidslivet. Difor er det nødvendig at vi hjelper dei som kan jobbe, ut i arbeidslivet. Samstundes må vi vere gode til å forstå arbeidsmarknaden og kva kompetanse som krevst. Nav må  nytte verkemidla i heile Nav-kontoret slik at flest mogleg får delta i arbeidslivet.

Innvandrarar frå land utanfor EØS er ei mangfaldig og samansett gruppe med fleire barriere inn i arbeidslivet. I Vestland har vi som mål at tilsette ved NAV-kontora  har god nok kompetanse på både migrasjon og arbeidsinkludering, slik at fleire får nytte sine ressursar i arbeidslivet.

Tenester etter sosialtenestelova

Dei fem individuelle tenestene i sosialtenestelova må vere tilgjengeleg for dei som treng det. Alle i Nav-kontoret må ha nok kompetanse til å kunne gje tilpassa informasjon om tenestene og identifisere kven som kan trenge tenestene. Dei må også kunne følgje opp tenestene og lage individuelt tilpassa planar med brukarane.

Grunna økonomisk usikkerheit og lågkonjunktur veit vi at fleire vil kunne trenge økonomisk rådgjeving. Mange som slit økonomisk fortel at dei ikkje får sove og ikkje klarer å tenkje på anna enn økonomien. Det er særleg viktig at Nav har kompetanse til å gje råd og rettleiing om personleg økonomi, og tenesta må vere tilgjengeleg.

Kommunen har ansvar for å skaffe mellombels bustad til dei som ikkje har ein plass å bu. Bustaden skal vere trygg og ha ein forsvarleg standard.  Mellombels bustad skal berre unntaksvis nyttast til barnefamiliar. KOSTRA-tal viser ein auka bruk av mellombels bustad for denne gruppa. Nav-kontoret har ein plikt til å medverke i kommunens bustadsosiale arbeid, jamfør bustadsosial lov.

Det betyr at vi i 2024 har som mål at kompetansen om dei sosiale tenestene skal vere god i heile Nav-kontoret, uavhengig av kva ein jobbar med.

Heilskaplege og samordnande tenester

Utsette barn og unge og deira familiar skal få heilskaplege og samorda tenester. Dette gjeld internt i Nav-kontoret, i partnarskapet og elles på tvers av statlege og kommunale tenester. Det er nødvendig å skape forståing for korleis Navs rolle skal vere når det gjeld førebygging og korleis Nav skal bidra til å løyse dei sosiale problema. Vi forsøker å tilby kompetansetiltak som kan bidra til dette.

Utsette unge skal få hjelp i tide og ungdomsgarantien er sentral for å førebyggje at unge lever i utanforskap. Unge skal blant anna få rask kontakt med Nav og få individuell tilpassa hjelp. Ein skal samhandle på tvers og sikre, at dei unge får den hjelp og oppfølging dei treng på tvers av tenester.

Plikta til å ivareta barneperspektivet gjeld alle tilsette i Nav. Vi ønskjer å bidra med kunnskap om kor viktig merksemd kring barnas situasjon er, når ein følgjer opp familiar. Dette gjelder også når ein følgjer opp foreldre i arbeidsretta oppfølging. Barnas beste-vurdering er grunnleggande omsyn ved alle handlingar, både i avgjerder som omhandlar barn direkte og indirekte. Dei konkrete vurderingar som ein gjer i den konkrete saken skal synleggjerast. Rettleiaren om samarbeid og tenester til barn og unge må vere kjent og tatt i bruk på Nav-kontora. For å lukkast i dette arbeid er det nødvendig at alle tilsette er trygge og kan reglane om personvern og teieplikt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.