Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert 23.02.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.01.2021, Sist endra 03.01.2022

Færre klagesaker etter sosialtenestelova

I 2020 behandla Fylkesmannen i Vestland 344 klager på vedtak etter sosialtenestelova. Det er 30 prosent færre klager enn året før, då vi behandla 492 klager.


Publisert 11.01.2021

Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad

Arbeids- og sosialdepartementet har kome med nytt rundskriv om rettleiande sosialhjelpssatsar for 2021, gjeldande frå 1. januar; Rundskriv A-2/2020.


Publisert 10.12.2020

Sjølvstendig næringsdrivande kan ha rett på sosialstønad

Nav kan ikkje krevje at ein sosialhjelpssøkjar skal komme i skattegjeld eller liknande ved å bli vist til å nytte midlar frå firmaet/selskapet sin konto til dekning av livsopphald.


Publisert 10.12.2020, Sist endra 18.02.2021

Dei som får fast opphaldsløyve, får fulle rettar til sosialstønad

Nokre Nav-kontor har avslått sosialstønad til personar som kom til Noreg under føresetnad av at eit familiemedlem forsørgjer dei, men slike avslag er feil dersom vedkomande har fått permanent opphald.


Publisert 17.11.2020

Rapportering om kvalifiseringsprogram, aktivitetsplikt og digitalisering av dei sosiale tenestene

Fylkesmannen ber om opplysningar frå Nav-kontor i Vestland innan 11. desember 2020. 


Publisert 28.10.2020, Sist endra 24.02.2022

Bytte av Nav-kontor?

Det hender at Statsforvaltaren får spørsmål frå misnøgde sosialhjelpsmottakarar om dei kan bytte Nav-kontor. Svaret er i utgangspunktet nei, lovverket opnar i liten grad for dette.


Publisert 16.10.2020

Refusjon i etterbetalte trygde- og pensjonsytingar

Arbeids- og velferdsdirektoratet har no presisert kva reglar kommunane må følgje dersom dei vil krevje refusjon i trygde- og pensjonsytingar for sosialstønad som kommunen har utbetalt.


Publisert 16.10.2020

Ekstra tilskot til tolv Nav-kontor i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har utbetalt 6,1 millionar kroner i tilskot til dei sosiale tenestene i Nav. Pengane skal hjelpe Nav til å setje i verk tiltak for å handtere konsekvensar av koronapandemien.


Publisert 01.10.2020

Å trekkje ein klage på sosialhjelpsvedtak må gjerast skriftleg

Det er ikkje nok å trekkje klagen munnleg, klagaren må gjere det skriftleg.


Publisert 01.09.2020

Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad

Arbeids- og sosialdepartementet har kome med nytt rundskriv om rettleiande sosialhjelpssatsar for 2020, gjeldande frå 1. september; Rundskriv A-1/2020.