Bytte av Nav-kontor?

Det hender at Statsforvaltaren får spørsmål frå misnøgde sosialhjelpsmottakarar om dei kan bytte Nav-kontor. Svaret er i utgangspunktet nei, lovverket opnar i liten grad for dette.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2020, Sist endra 24.02.2022

Ifølgje sosialtenestelova paragraf 3 skal kommunen gi sosiale tenester til alle som oppheld seg der. Opphaldskommunen er den kommunen ein person er i, anten vedkommande bur der eller er der mellombels. Dette betyr i praksis at dei som får sosialhjelp, må nytte Nav-kontoret i den kommunen dei bur i; kommunen kan ikkje overføre sosialhjelpssaker til andre kommunar.

Det er likevel nokre unntak:

Når det er fleire Nav-kontor i kommunen

Dersom det er fleire Nav-kontor i ein kommune, slik som i Bergen, er det kommunen som bestemmer kva Nav-kontor som skal behandle sosialhjelpssøknadene og kva Nav-kontor som skal gi sosialfagleg oppfølging. I slike tilfelle er det kommunen som avgjer søknader om bytte av Nav-kontor, og ikkje Statsforvaltaren. Det er ein føresetnad at begge Nav-kontora er i same kommune. Statsforvaltaren er ikkje klageinstans dersom kommunen avslår ein slik søknad om bytte av Nav-kontor.

Ved ugildskap (inhabilitet)

Reglane om ugildskap i forvaltningslova paragrafane 6 til 10 kan føre til bytte av Nav-kontor.

Er ein leiar ved Nav-kontoret ugild, så kan heller ikkje ein direkte underordna saksbehandlar avgjere saka. Det er ikkje alltid slik at alle som har lågare stilling eller rang enn leiaren, er direkte underordna denne leiaren. Det avgjerande er om Nav-kontoret er organisert på ein slik måte at saksbehandlaren er under leiing av, eller kan bli instruert av, den som er ugild.

Dersom den øvste leiaren av Nav-kontoret er ugild fører dette til at alle tilsette på kontoret vert ugilde. Det er likevel ikkje alltid slik at saka må bli overført til ein annan kommune. Kommunen kan ha  ein overordna eller sideordna leiar, til dømes til ein kommunalsjef, som kan overta ansvaret for saka. Saksbehandlarane på Nav-kontoret vil framleis kunna førebu saka.

Berre dersom det er til særleg ulempe for kommunen å finne nokon i eigne rekker som kan tre inn i staden for den ugilde, vil det vere aktuelt å overføre saka til ein annan kommune. I så fall må kommunen be Fylkesmannen om dette. Myndigheita til å overføre ei sak frå ein kommune til ein annan på grunn av ugildskap, er delegert til Statsforvaltaren i forskrift 2018-06-04-810. Ved overføring av ei sak på grunn av ugildskap, vil opphaldskommunen framleis ha det økonomiske ansvaret for sosialhjelpa.

For at Statsforvaltaren skal kunne behandle overføring av ei sak, må kommunen først vurdere og konkludere med at:

  1. det ligg føre ugildskap, og
  2. det ligg føre særleg ulempe å få oppnemnt ein i kommunen som kan tre i staden for den som er ugild.

Interkommunalt samarbeid

Kommunelova opnar for at to eller fleire kommunar kan avtale interkommunalt samarbeid om oppgåveløysing. Dette gjeld også for sosiale tenester (sjå paragraf 3 fjerde ledd i sosialtenestelova), slik som er tilfelle med Nav Fensfjorden.

Det skal stå i avtalen kva tenester det interkommunale samarbeidet omfattar, og kven som har vedtaksmyndigheit.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.