Barnehage

Barn i barnehage. Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Barn i barnehage. Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Pixabay)

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Vis meir


26.06.2019

Handtering av valdelege barn i barnehage

Det svært viktig at dei tilsette i barnehagen er merksame på reglane som vernar om barnet sin fysiske integritet, og grensene for kva personalet fysisk kan gjere overfor barnet i den konkrete situasjonen.

09.05.2019

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Regional ordning er ei kompetansesatsing for barnehagar som skal sikre alle barn eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.

07.05.2019

Barnehage må betale tilbake kommunalt tilskot etter brot på barnehagelova

Fylkesmannen i Vestland har gjort vedtak om at Cultiva barnehage AS må betale tilbake kr. 1 800 000 til Bergen kommune.

04.03.2019

Ny fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen

Barnehagen bør legge til rett for minst tre faste måltid om dagen, god tid til å ete og sikre at det er nok frukt og grønt på menyen. Dette er nokre av oppmodingane som Helsedirektoratet gir i den nye faglege retningslina «Anbefalinger for mat og måltider i barnehagen».

27.02.2019

Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Dersom barn treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, må kommunen sikre at barna får eit eigna individuelt tilrettelagd tilbod etter barnehagelova § 19 g.

19.02.2019

Barnehagestatistikk 2018

Fleirtalet av dei som får spesialpedagogisk hjelp er gutar, det arbeider fleire vaksne i barnehagen, og det er fleire minoritetsspråklege barn som går i barnehage. Dette er noko av det som kjem fram i tal og analyse av barnehagar for 2018.

28.01.2019

Endra reglar for opptak i barnehage

Barnehagelova §12 a om at kommunen skulle ha minimum eitt opptak i året blei fjerna våren 2016. Som følgje av dette blei sakshandsamingsreglar  for opptak i barnehage endra  frå 1. januar 2019.

22.01.2019

Reglar for tilskot til drift av godkjente ikkje-kommunale barnehagar

Kommunane si fastsetjing av tilskotssatsar er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette stiller krav til kommunen si sakshandsaming.

10.01.2019

Sikkerheit i barnehagar

Vi har fått fleire spørsmål om regleverket om sikkerheit i barnehagar. Vi har samla noko informasjon her, som vil vere nyttig for barnehageeigarar og tilsette i barnehagar.