Barnehage og opplæring

Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege.
Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. (Foto: Pixabay)

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Kommunane har plikt til å tilby plass i barnehage til barn som fyller eitt år før 1. desember det året foreldra søkjer om opptak, dersom barnet er busett i kommunen. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Fylkesmannen skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Fylkesmannen har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


30.08.2019

Jamleg lusesjekk reduserer smitte

Folkehelseinstituttet oppfordrar skular og barnehagar, foreldre og føresette til å bli med på den nasjonale lusesjekken helga 31. august–1. september.

29.08.2019

Karakterstatistikk for grunnskulen

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2019, er offentleggjorde. Avgangselevane i landet samla fekk i år 0,2 poeng meir enn dei som gjekk ut i fjor. Elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland ligg over landssnittet.

23.08.2019

Nye reglar om skulebyte – opplæringslova § 9 A-12

1. august 2019 er det sett i verk nye reglar om skulebyte som gjeld for vidaregåande opplæring. Dette inneber at skuleeigar i den vidaregåande skulen kan flytte ein elev til ein annan skule, dersom åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.

16.08.2019

Eit trygt og godt skulemiljø frå skulestart

Samtalar med elevane og samarbeid med heimen er sentralt når skulen skal følgje med på korleis elevane opplever skulekvardagen sin.

15.08.2019

Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

Elevar kan søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk.

07.08.2019

Framleis mogleg å melde inn kandidatar til Dronning Sonjas skulepris

Fristen er 16. august 2019.

29.07.2019

Nasjonal fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen

Hovudbodskapen er at barna skal ha gode rammer for måltida, og mat og drikke skal ha god ernæringsmessig kvalitet.

08.07.2019

Svar på høyring om endringar i barnehagelova

Vi har gitt høyringsfråsegn til dei foreslåtte endringane i barnehagelova som gjeld ny regulering av private barnehager.

04.07.2019

Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2019.

03.07.2019

Fordeling av midlar i regional ordning for kompetanseutvikling 2019

I 2019 er det 52 barnehagar i Hordaland og Sogn og Fjordane som deltek i den regionale ordninga for kompetanseutvikling.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel