Årsmelding frå barnehagen og opplysningar frå kommunen – BASIL 2023

Alle barnehagar som er i drift 15. desember skal levere årsmeldingsskjema. Kommunar skal levere opplysningar i eit eige skjema.

Publisert 03.11.2023

Viktige datoar:

  • 17. november 2023: BASIL opnar for kommunen.
  • 1. desember 2023: BASIL opnar for barnehagane.
  • 10. januar 2024: Kommunane har godkjent årsmeldingane for alle barnehagane og levert eiget skjema for kommunen.
  • 31. januar 2024 kl. 23:59: Statsforvaltaren sin frist for å kvalitetssikre årsmeldingsskjemaa.
  • 1. februar 2024 kl. 00:00: BASIL er stengt.

Kommunen må sett ein frist for barnehagane, og orientere barnehagane om fristen for innlevering.

Hugs å gje ein frist som gjer at de sjølve rekk å overhalde fristen for godkjenning. Kommunen skal òg purre på dei barnehagane som ikkje leverer innan fristen eller som leverer eit mangelfullt eller feilaktig skjema. BASIL er tilrettelagt slik at de kan purre og sende e-post til barnehagar som ikkje har levert innan gjeve frist.

For kommunen

  • Kommunen skal tildele tilgangen til BASIL til barnehagane i UBAS.
  • Kommunen kan sjekke at alle barnehagar ligg i BASIL frå og med 17. november. Dersom barnehagar manglar i løysninga, må informasjon om dette sendast til basil@udir.no så raskt som mogleg.
  • Barnehagane må vere registrert i Virksomhets- og foretaksregisteret for å bli registrert i BASIL. Kommunen må difor passe på at barnehageeigar så raskt som mogleg sørgjer for at manglande barnehagar er korrekt registrert i Virksomhets- og foretaksregisteret.
  • Barnehagen sin e-postadresse blir overført frå BASIL til Nasjonalt barnehageregister og Virksomhets- og foretaksregisteret. Kommunen må difor passe på at dei kommunale barnehagane oppgjev e-post adresser som er i tråd med kommunen sin praksis.

Gjennomføring

Barnehagen og kommunen rapporterer via rapporteringsløysninga BASIL (Barnehage-statistikk-innrapporteringsløysning).

  • Kommunen fyller ut skjemaet med opplysningar om barnehagemyndigheita og foreldrebetaling i kommunen. Skjemaet finn de i BASIL under «Kommuneskjema.»
  • Opplysningane gjeld både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.
  • Barnehagane fyller ut eigen informasjon om t.d. barnehagen sin organisering, tal barn i barnehagen osv.

Brukarstøtte

Dersom det er behov for teknisk støtte til BASIL skal barnehagane ta kontakt med kommunen. Kommunen kan kontakte Conexus på e-post support@conexus.no. Når det gjeld rettleiing om korleis skjemaa skal fyllast ut eller brukarstøtte til UBAS kan kommunen ta kontakt med Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren skal følgje opp kommunane og ha oversyn over innsamlinga, gjennom fagleg rettleiing, purre på kommunar og kvalitetssikre innrapporterte data. Statsforvaltaren gjev  administrasjonsrettigheitar til kommunen for å logge på UBAS.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.