Samfunnstryggleik og beredskap

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Fylkesmannen er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Fylkesmannen kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


20.05.2020

Telefonmøte om vårflaumsituasjonen

I dag gjennomførte Fylkesmannen, i samarbeid med NVE, eit telefonmøte med kommunane og aktørane i fylkesberedskapsrådet om vårflaumsituasjonen i fylket.

06.04.2020

Faktaark om falske nyhende

Falske nyhende kan i verste fall føre til mistillit mellom styresmaktene og innbyggjarane, med fare for at folk handlar i strid med viktige råd og retningslinjer knytt til Covid-19-krisa.

16.03.2020

Avlysing av eksterne aktivitetar

På grunn av koronasituasjonen avlyser vi alle eksterne aktivitetar fram til 1. august. Vi kjem heller ikkje til å planleggje nye samlingar i denne perioden.

05.03.2020

Risiko knytt til kjemikalie og eksplosiv

Fylkesmannen har i samarbeid med fleire andre aktørar laga eit framlegg til korleis kommunane og andre beredskapsaktørar kan få meir kunnskap om risikoar knytt til kjemikaliar og eksplosiv.  

05.03.2020

Rettleiar for kontinuitetsplanlegging

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har publisert ein revidert versjon av rettleiar for kontinuitetsplanlegging.

28.02.2020

Møte i fylkesberedskapsrådet

Her følgjer referat frå møta der fylkesberedskapsrådet diskuterer koronaberedskap. 

13.02.2020

Øvde på krisekommunikasjon og mediehandtering

Nyleg var ei rekkje ordførarar, varaordførarar og rådmenn i Vestland samla til medietreningskurs med særleg merksemd på krisekommunikasjon.

31.01.2020

Informasjon om utbrotet av koronavirus

Her er generelle råd frå helsestyresmaktene og oversikt over informasjonskjelder hjå sentrale styresmakter. Ei samla oversikt over våre nyhendesaker om koronaviruset, finn du her.

18.12.2019

Evakuering og befolkningsvarsling

Vi ønskjer å tydeleggjere krav og forventningar til kommunen når det gjeld evakuering og befolkningsvarsling. Difor har vi skrive eit notat om temaet og laga eit forslag til tiltakskort.

10.12.2019

Sambandstrening

I førre veke trente vi saman med kommunane på å nytte Nødnett og satellittelefon.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel