Medietreningskurs for ordførarar

Bilete: åtte ordførarar på medietreningskurs med Stang Media 6. februar. Foto: Lene Stavseng.

«Den tidlegare ordføraren sa at er det eitt kurs eg skal gå på, så er det medietreningskurset i regi av Statsforvaltaren», var ei av tilbakemeldingane vi fekk frå ein ordførar etter medietreningskurset førre veke.

Publisert 12.02.2024

Tysdag, onsdag og torsdag førre veke arrangerte vi dagskurs i medietrening, med særleg merksemd på handtering av uønskte hendingar og krisekommunikasjon. Kurset vart halde i dei nye kontorlokala våre i Bergen.

Kurset var primært tenkt for ordførarar, særleg dei som er nyvalde. Ordføraren er kommunen sitt andlet ut mot innbyggjarar og media, og ved uønskte hendingar i lokalsamfunnet kan det vere ei svært krevjande rolle. Til saman var det 28 personar påmeldt kursdagane, av dei òg nokre varaordførarar og kommunedirektørar/rådmenn.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand innleia kursdagane, og orienterte om kvifor ein bør prioritere informasjonsarbeidet som ein del av krisehandteringa i kommunane. Sølve Stang frå Stang Media hadde ansvaret for det faglege innhaldet. Han la særleg vekt på at alle deltakarane skulle få mest mogleg praktisk øving. Det var fleire øvingsrundar med videoopptak, der deltakarane fekk tilbakemeldingar på opptaka og ei teoretisk innføring.

Eit viktig føremålet med kurset er å gi deltakarane ei auka meistringskjensle i intervjusituasjonen, og gi dei nokre verktøy for det. Samstundes håpar vi at kurset vil bidra til eit auka medvit om informasjonsarbeid og -formidling i krisehandteringa.

Tilbakemeldingane frå kursdeltakarane var svært gode, og dei oppmoda oss om å halde fram med å arrangere kursa.

Takk for tre kjekke og lærerike dagar saman!

Bilete: Ordførarar, varaordførarar og kommunedirektørar i aksjon framføre kamera. Foto: Oliva Bakketun.

Bilete: Ordførarar, varaordførarar og kommunedirektørar i aksjon framføre kamera. Foto: Lene Stavseng.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.