Møte for fylkesberedskapsrådet i Florø

Nytt nasjonalt varslingssystem, den tryggleikspolitiske situasjonen i Noreg og rapportane frå to regjeringsoppnemnde kommisjonar var sentrale tema då fylkesberedskapsrådet var samla i Florø 14. og 15. juni.

Publisert 28.06.2023

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete opna møtet samstundes som det nye nasjonale varslingssystemet vart testa over heile landet. Varslingssystemet var og tema seinare på dagen, og då med særleg merksemd om korleis politiet vil bruke det regionalt og lokalt, og kva varslingsbehov aktørar i fylket vil kunne ha ut over det.

Bernhard Eriksem frå Equinor informerer fylkesberedskapsrådet om risiko knytt til olje- og gassinstallasjonar i Vestland.

Bernhard Eriksen informerte rådet om risiko knytt til olje- og gassinstallasjonar i Vestland. Foto: Mari Severinsen/SFVL

Risiko knytt til olje- og gassinstallasjonar fekk mykje merksemd etter angrepet på North Stream-leidningane i september i fjor. Det var m.a. eit forsterka vakthald ved installasjonar både på land og til sjøs. Bernhard Eriksen frå Equinor gav eit grundig innblikk i anlegg som er lokaliserte i Vestland, og risikofaktorar både lokalt, og for evna Noreg har til å levere olje og gass. Eit viktig poeng er at til liks med andre verksemder, er olje- og gassproduksjonen avhengig av ei rekke andre aktørar. Denne verdikjeda er ikkje sterkare enn det svakaste leddet.

Dag to fekk vi besøk av Harald Sunde, som har leia arbeidet i Totalberedskapskommisjonen. Han presenterte hovudkonklusjonane til kommisjonen, og var tydeleg på at det er mykje bra med beredskapsarbeidet i Noreg. Det er likevel ein veg å gå for å utnytte potensialet betre. Det gjeld uavhengig av kva type krise det er snakk om, og i kva del av krisespekteret ein er. Liv Signe Navarsete orienterte i same bolken om nokre av hovudfunna til Forsvarskommisjonen. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand sa i si innleiing til diskusjonen om det vidare arbeidet med totalberedskap/totalforsvaret i Vestland, at Statsforvaltaren vil ha ei særleg merksemd på kommunane.

Harald Sunde, Liv Signe Navarsete og Haavard Stensvand deltok alle i bolken om otalberedskap og det vidare arbeidet med totalforsvaret i Vestland

Harald Sunde, Liv Signe Navarsete og Haavard Stensvand deltok alle i bolken om totalberedskap og det vidare arbeidet med totalforsvaret i Vestland. Foto: Oliva Bakketun/SFVL

I diskusjonen vart m.a. dialogen mellom offentlege aktørar og næringslivet trekt fram som eit område med stort potensiale, fordi næringslivet sit på mykje ressursar som i avgrensa grad vert nytta i dag.

Rapporten til forsvarskommisjonen og totalforsvarskommisjonen kan de lese her: 

Andre tema som vart drøfta under møtet var det generelle beredskapsarbeidet i Vestland, korleis vi arbeider vidare med funna i FylkesROS, oppfølging av kritiske vegstrekningar, transportberedskap og flytting av godshamna i Bergen.

Referat frå møtet finn du her og vedlagt artikkelen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.