Nasjonal varslingsprøve

Bilete: Pixabay.

Onsdag 10. januar klokka 12.00 skal Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg testast over heile Noreg.

Publisert 08.01.2024

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret vil samtidig teste tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøven onsdag 10. januar blir gjort i heile Noreg. Det vil seie at alle mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Ein så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samtidig. Del difor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmaste, slik at flest mogleg er budde og veit at dette er ein test.

Dette skjer når Nødvarsel på mobil testast

  • Når du mottar testen vibrerer telefonen og speler av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette er ein test
  • Varselet kan «dragast» vekk eller fjernast ved å trykke «ok» (dette avhenger av kva type mobiltelefon og operativsystem du har).
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar – éin norsk, der teksten står på bokmål og nynorsk, og éin engelsk. Kva for ein telefon og kva slags språkinnstilling du har avgjer om du får varselet på norsk, engelsk eller på begge språk.

Kven får varsel?

Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er kopla til 4G/5G kan få varsel.

Om du ikkje har oppdatert telefonen din med nyaste programvare kan det hende du ikkje får varsel. Hugs difor å halde telefonen din oppdatert.

Skru av telefon om du ikkje vil ha varsel

Dersom du ikkje ynskjer å få varsel, må du sette telefonen i flymodus eller skru den heil av i god tid før og etter klokka 12 den 10. januar. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande vil bli overstyrt.

Kva får du varsel om?

Nødvarsel på mobil kan brukast for å varsle om hendingar på nasjonalt, regionalt eller lokalt nivå.

Nødvarsel skal brukast ved akutte og alvorlege hendingar med fare for liv og helse. Det kan være hendingar med radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjonar, der befolkninga må varslast raskt.

Om det oppstår ei hending der Nødvarsel på mobil takast i bruk, kan du òg få oppdatering om situasjonen endrar seg og faren er over.

Les meir om Nødvarsel i lenkjene som ligg vedlagt artikkelen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.