Nytt jordvernbrev - Kommunane må auka innsatsen for å ta vare på matjorda

Venstre flyfoto viser fulldyrka jordbruksareal. Høgre flyfoto viser planlagd bustadsområde på same areal. (Kartproduksjon: Statsforvalteren i Oslo og Viken. Kilde: Norge digitalt)
Venstre flyfoto viser fulldyrka jordbruksareal. Høgre flyfoto viser planlagd bustadsområde på same areal. (Kartproduksjon: Statsforvalteren i Oslo og Viken. Kilde: Norge digitalt)

I eit felles brev frå landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande, gjer dei kommunepolitikarane merksame på det ansvaret kommunane har for at Noreg skal nå målet om å bygge ned mindre matjord.

Publisert 30.01.2024

Stortinget vedtok i fjor ein ny nasjonal jordvernstrategi, etter framlegg frå regjeringa. Strategien inneheld eit nytt og skjerpa nasjonalt mål for omdisponering av dyrka jord, og nye konkrete tiltak for å nå målet.

I eit nytt brev frå dei to statsrådane bes kommunane om å vurdere nøye om det er viktige samfunnsomsyn som ligg til grunn når ein går inn for å omdisponere matjord til utbygging, og om ein har vurdert alle alternativ.

Les meir på nettsida til regjeringa.

Tid for planvask

I brevet står det mellom anna:

Det viktigaste kommunestyret kan gjere, er å sørge for at kommunen har oppdaterte planar som tar arealutfordringane på alvor. I løpet av det komande året skal kommunestyra vedta nye kommunale planstrategiar, der ein vurderer planbehovet framover. Det er viktig at jordvern blir sett på dagsordenen og prioritert i dette arbeidet.