Forliksråda

Oppdatert 12.03.2024

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Forliksrådet er både meklingsinstans og domstol.

Alle kommunar har eit forliksråd. Ta kontakt med politiet dersom du ønskjer å bruke forliksrådet.

Statsforvaltarens oppgåver overfor forliksråd og kommunar

Tre lekfolk og like mange varamedlemmer utgjer forliksrådet. Det er kommunestyret som vel forliksrådsmedlemmer blant innbyggjarane i kommunen. Forliksrådsmedlemmene blir valde for fire år om gongen. Medlemmene skal veljast innan 15. oktober året etter at det har vore kommuneval. Nokre kommunar har felles forliksråd med ein eller fleire nabokommunar.

Statsforvaltaren fører administrativt tilsyn med forliksråda. Vi kontrollerer at kommunestyrets val av forliksmedlemmer er lovleg, og står for den formelle oppnemninga av medlemmene. Bruk gjerne dei digitale skjemaa nedanfor i kontakten med oss. Klikk på overskrifta for å komme til skjemaet. 

Melde frå om val av forliksrådsmedlemmer
Til bruk for kommunar som skal melde frå om medlemmer i eit nytt forliksråd. Bruk det same skjemaet ved supplerande val av medlemmer til eit forliksråd. Skjemaet er tilrettelagt for tilfelle der fleire kommunar har felles forliksråd, og for tilfelle der forliksrådet har fleire avdelingar. 

Melde frå om oppnemning av mellombels stadfortredar
Til bruk for kommunar som skal melde frå om at det skal utnemnast ein stadfortredar, anten for éi sak eller for ein periode på inntil tre måneder. Ordninga gjeld når verken medlemmer eller varamedlemmer kan stille. 

Sende dommarforsikring
Til bruk for medlemmer i forliksrådet som skal gi skriftlig forsikring om at dei samvitsfullt oppfyller pliktene sine. Dommarforsikringen blir sendt digitalt til Statsforvaltaren i fylket ditt.

Vis meir


Publisert 20.01.2020

Frist for valg av nytt forliksråd

Kommunestyret skal velge medlemmer og varamedlemmer til forliksrådet innen 15. oktober året etter hvert kommunestyrevalg, jf. domstolloven § 57. Valget gjelder fra 1. januar det påfølgende år. Dette innebærer at fristen for kommunestyrets valg av nytt forliksråd er 15. oktober 2024, og perioden for det nye forliksrådet er 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028.