Klagerett

Oppdatert 05.01.2024

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dersom du har fått, men ikkje ønskjer verje, kan du gi beskjed om dette til Statsforvaltaren der du bur.

Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage: 

  • den som er sett under verjemål
  • verja
  • den som har sett fram kravet om verjemål
  • personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken

Klagefristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan gjere om vedtaket, eller sende klagen vidare til Sivilrettsforvaltninga, som fører tilsyn med Statsforvaltaren og som er klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.  

For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klage på val av verje vert til dømes regulert av de vanlige reglane i forvaltningslova og ikkje etter dei spesielle reglane i verjemålslova.

Klage på verja

Dersom du meiner at verja di ikkje tek var på økonomien din eller rettane dine på ein god måte, kan du klage på verja til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren vil då undersøkje om verja har gjort feil og om det vil vere betre for deg å byte verje. Statsforvaltaren skal også rettleie verja og vurdere om det er nødvendig å gjere noko for at verjemålet ditt skal fungere betre. Dersom du ber om å få byte verje, vil Statsforvaltaren som regel utnemne ei ny verje til deg. Du kan likevel ikkje alltid bestemme kven du vil ha som verje. Dersom Statsforvaltaren meiner at den verja du ønsker ikkje er eigna til å vere verje for deg, kan det hende at du må få ein annan person til verje.

Statsforvaltaren kan også på eige initiativ byte verje for ein person. Det kan skje dersom verja til dømes ikkje har sendt inn rekneskapsdokument eller andre opplysningar som vi ber om. I nokre tilfelle kan vi også sjå at ei verje har gjort disposisjonar som ikkje er godkjende av Statsforvaltaren, som er uheldige for verjehavar eller i sjeldne tilfelle ulovlege. I slike tilfelle vurderer vi alltid om verjehavar er best tent med å få ei ny verje. 

Vis meir

Film om kva det betyr å ha verje

Kontakt oss

Vi har telefontid hver dag kl. 12.00-14.00.

Telefon: 62 55 10 02

E-post: sfinpost@statsforvalteren.no 

Kontaktpersoner:

Hilde Kristiansen Hauge, avdelingsdirektør

Anne Klafstad

Anne Lise O. Nyberget

Arvid Nelson

Berit Midthus

Ellen Eva Ørebech Sverdrup

Eva Østbye

Hanne Kristin Bratlie

Jorge Valdivia Jaen

Julie Emilsen

Kristina Bjørnerud Grønland

Mari Hovland

Mathilde Vedum Smestad

Marit Kolstad

Martin Narum

Nina Martinsen

Nina Nordhagen Paulsen

Raafat Faraj

Rannveig Volla

Siv Irene Helgevold

Jane Thingstadberget

Unni Steen