Beitepris til Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre

NBS beitepris 2022 tildelt beitelaga i Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre
NBS beitepris 2022 tildelt beitelaga i Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre Foto: Kristin Smågård, Skjåk.

Fem kommunar i Nord-Gudbrandsdal mottok onsdag denne veka Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) sin beitepris for 2022. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2022

NBS deler kvart år ut beiteprisen til ein kommune som har gjort ein ekstra innsats for beitebrukarane. Årets pris gjekk til kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Lesja og Dovre for samarbeidsprosjektet «Bærekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark»

Prisen vart delt ut under NBS sin konferanse Kampen om utmarka 23.-24. november på Gardermoen. 

Vi gratulerer med prisen!