Statsforvalteren innvilgar delvis to søknader om endring av perioden for status som typisk turiststad

Galdesand i Lom kommune og Dønfoss i Skjåk kommune hadde allereie status som typisk turiststad deler av året. Statsforvaltaren meiner at det er dokumentert at sal hovudsakleg skjer til turistar i større delar av året enn det nåverande forskrifter omfattar. Eit slikt løyve inneber at butikkar i Galdesand og Dønfoss vil kunne halde ope på søndagar i den aktuelle perioden. Begge søknadane kom etter initiativ frå Coop Ottadalen.

Publisert 11.01.2024

Lom kommune søkte 21.7.23 om at Galdesand i Bøverdalen får status som typisk turiststad heile året, eller frå påske og fram til 1. desember. Galdesand hadde allereie status som typisk turiststad frå 15. mai til 15. september. Skjåk kommune hadde allereie status som typisk turiststad i månadane juni, juli og august. Skjåk kommune søkte 21.8.23 om at Dønfoss skal få status som typisk turiststad frå og med april til og med oktober, eller frå palmesøndag når påska fell i mars.

Det vart frå begge kommunane og butikkane vist til økt omsetnad og økt aktivitet i områda. Det vart også vist til at å halde ope på søndagar i større deler av året vil vere vesentleg for at desse grendebutikkane kan bestå i framtida.

Regelverket

Utgangspunktet er at faste utsalsstader som sel varer til forbrukar skal halde stengt på heilagdagar. Søndag er ein heilagdag. Stader som har status som typisk turiststad er unntatt frå denne regelen og kan likevel ha ope alle dagar. Statsforvalteren har myndigheit til å gi eit område denne statusen, og eit vilkår er at salet i dei aktuelle periodane hovudsakleg skjer til turistar.

Ikkje dokumentert at salet hovudsakleg skjer til turistar heile perioden det er søkt om

Statsforvaltaren fann ikkje grunnlag for å innvilge søknadane fullt ut. Grunngjevinga for dette er at vi ikkje fann det dokumentert at salet hovudsakleg skjer til turistar i heile periodane det er søkt om. Det er etter ei konkret vurdering lagt til grunn at det er ei auke i omsetnaden i periodar som betyr godkjenning som typisk turiststad frå 1. april til og med 15. oktober for Galdesand, og påska samt perioden 1. til 15. september for Dønfoss. Det vart i avgjerda også sett hen til at plasseringa ved nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen gjer det til attraktive destinasjonar.