Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.12.2014

Tilskotsordningar i 2015 truga artar og naturtypar

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.


Publisert 28.08.2014

Høyring av revidert forvaltingsplan Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Verneområdestyret for verneområda har lagt ut forslag til forvaltingsplan til offentleg ettersyn med frist til 1. november i år.


Publisert 15.04.2014

Villminken fjerna frå viktige verneområde for sjøfugl

Store viktige sjøfuglområde i Rogaland er no rydda for mink. Fylkesmann og fleire kommunar har saman med frivillige hatt eit stort fokus på å fjerna villmink frå prioriterte område.


Publisert 11.02.2014

Melding om oppstart utviding Tveitaneset naturreservat

Tveitaneset naturreservat i Tysvær er tenkt utvida med 116 da skog samt ei revisjon av verneforskrifta.


Publisert 31.01.2014

Oppstart av skogvern Frøyland naturreservat i Sokndal

Det er meldt oppstart av frivillig vern for eit eike- og edellauvskogområde på gnr. 58/1 og 59/1 i Sokndal kommune. Merknader til meldinga kan sendast Fylkesmannen i Rogaland.


Publisert 08.10.2013

Informasjon om Frafjordheiane landskapsvernområde

I statsråd 19.12.2003 er Frafjordheiane landskapsvernområde oppretta. Landskapsvernområdet er på omlag 418,6 km2 og omfattar areal i Forsand og Gjesdal kommunar i Rogaland fylke og i Sirdal kommune, Vest-Agder fylke


Publisert 08.10.2013

Forvaltningsplan for Ragstjørna naturreservat

Planen gjer greie for natur- og friluftsverdiane i reservatet, og gjev råd og retningsliner for skjøtsel, landbruksdrift og friluftsliv.


Publisert 08.10.2013

Forvaltningsplan for Nord-Talgje naturreservat

Nord-Talgje er ei naturperle midt i Ryfylke. Her trivst både båtfolk og naturinteresserte. Landskap, geologi og kulturhistorie gjev område særlege kvalitetar. Fylkesmannen har godkjent forvaltningsplan for reservatet.


Publisert 03.10.2013

Hålandsdalen verna som skogreservat

Dette er det første frivillige barskogvernet i Rogaland. Reservatet dekker eit areal på 5,7 km2 på nordsida av Hålandsdalen i Suldal kommune. Verneforskrifta opnar for allmenn ferdsel - mellom anna bærplukking - og beiting av husdyr.


Publisert 02.10.2013

På steintrapper til Månafossen

Vegen frå parkeringa til Månafossen er restaurert og naturperla har fått ein staseleg inngang. Dei første 100 m av stien er steinsett.