Tilskot 2015 til å ta vare på kystlynghei, haustingsskog, slåttemark og anna trua natur

Fristen for å søkje om midlar frå Miljødirektoratet for å ta vare på kystlynghei og andre trua naturtypar er 15. januar 2015. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2014

Kystlynghei har vore eit dominerande innslag i kulturlandskapet i Rogaland i fleire tusen år. Det er framleis meir registrert verdifull kystlynghei att i Rogaland enn i noko anna fylke. Det har lenge vore råd å få tilskot innan landbruket til skjøtsel for å ta vare på desse. Det er også tilskotsordning for trua naturtypar der du kan søka om tilskot frå Miljødirektoratet.

I 2014 fekk søkarar i Rogaland om lag 1,6 millionar på denne ordninga, det meste til skjøtsel av nesten 20 000 dekar  kystlynghei. Fylkesmannen vil gjennom tilskotsordningen stimulera sterkare til bruk og rett skjøtsel av fire større kystlyngheiområde:

Dette vil me oppnå med å tilby opp til kr 100,- pr dekar teljande beiteareal i året for rett skjøtsel i samsvar med skjøtselsplan i desse områda. Dette vil i hovudsak vere moderat beiting utan gjødsling og brenning, systematisk men ikkje for ofte. Det kan og søkast om tilskot til andre kystlyngheiområde registrerte i naturbasen.

Det er og høve til å søkje om tilskot for å ta vare på andre trua naturtypar, mellom andre slåttemark, haustingsskog, nayurbeitemark og hole eiker.

Det er skjøtta mykje «kydlestuvar» med støtte frå Regionalt miljøprogram i fylket, men det ville vera viktig å få utarbeidd skjøtselsplan i område der brukaren vil skjøtta både stuvane og marka (beite eller slått).

Søknader vil og bli sett i samanheng med handlingsplanar for artar og den tilsvarande tilskotsordninga for prioriterte/trua artar når det høver, - aktuelle artar er hubro, jærtistel og klokkesøte.

Du kan søkje:

  • På elektronisk søknadsskjema. Det er eit krav om at ein søker på nett på dette skjemaet. Ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen om du treng hjelp til dette eller om du ikkje har tilgang til internett. Om du også søkte i fjor, er det mogleg å oppdatera denne slik at han gjeld for 2015.
  • På særskild skjema for kystlynghei i Rogaland. Om du søker om tilskot til tilpassa drift, treng vi opplysningar frå dette skjemaet. Dette kan leggast som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Søknadsfristen er 15. januar 2015.

Har du spørsmål om ordningane kan du kontakta seniorrådgjevar Audun Steinnes, telefon 51568912, mobil 92807901 eller e-post fmrosas@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.