Kartlegging av marine naturtypar er godt i gang i Rogaland

Måndag 5. november var representantar frå kommunar, Rogaland fylkeskommune, fiskeridirektoratet og Fylkesmannen samla i Statens Hus for å få ein oppdatering på kartlegginga av marine naturtypar som for tida går føre seg i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2012

Norsk Institutt for vannforskning (NIVA), Havforskningsinstituttet (HI) og Norges geologiske undersøkelse (NGU) orienterte om kartlegginga som er utført i 2012 samt litt om planane for 2013. Prosjektet skal vare til og med 2014.

Resultata så langt tyder på at det stort sett er gode forhold i ytre kyst områdar, mens det er dårlegare forhold i beskytta områdar. Fleire store ålegrasengar er kartlagd og gyteområdar for kysttorsk er lokalisert. Det er funne mindre sukkertare enn venta. Der ein hadde venta funn av sukkertare vart det i mange tilfelle registrert store førekomstar av pollpryd, ein uønska, framand art. Vidare vart det observert mykje påvekstalgar på fleire av ålegrasengane og tareskogane. Andre naturtypar som vart kartlagd i 2012 er kamskjel, bløtbunnsområdar i strandsona, israndavsetningar og skjelsand. 

Resultata vil etter kvart vere tilgjengelege på www.naturbase.no

Arbeidet i felt er ferdig for i år, men vil starte opp att våren 2013. Det gjenstår kartlegging av dei fleste av dei utvalte naturtypane (større tareskogførekomstar, israndavsetningar, bløtbunnsområde i strandsona, skjelsand, ålegrasengar, østersførekomstar, større kamskjelførekomstar og gyteområde).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.