Søknad frå Nortura BA avd Hå om nytt løyve etter forureiningslova

Nortura BA avdeling Hå planlegg auka årleg slaktemengde av fjørfe og har søkt om nytt produksjonsløyve på anlegget i Kviamarka. Sjå saksdokumenta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2014

Nortura BA avd. Hå planlegg å auke årleg slaktemengde av fjørfe til 30 000 tonn. Av dette vil 6 500 tonn bli foredla ved anlegget. Det blir også planlagt å pakka 15 000 tonn egg. Auken representerer om lag 300 % av produksjonsrammene i eksisterande løyve og Nortura søker derfor om løyve til auka produksjon ved anlegget sitt på Kviamarka. Søknaden vil derfor bli vurdert i samsvar med §§11 og 16 i ”Lov om vern mot forurensninger og om avfall” av 13. mars 1981 nr. 6.

Eit nytt løyve skal tilpassast krava i EU-direktivet (IPPC-direktivet) om integrert førebygging og avgrensing av forureining.

Det blir søkt om drift 18 - 20 timar i døgnet og ca. 250 døgn i året. Mengda avlaupsvatn vil kunne kome opp i 800 - 900 m3/døgn. Avlaupet kjem frå produksjon og reingjering. Den mest markante forureininga i avlaupsvatnet er organisk stoff, og utsleppet er planlagt auka svarande til ca. 13 000 personekvivalentar (pe). Målingar har vist at utsleppa kan koma opp i 26 000 pe. enkelte døgn.  Det er planlagt intern reinsing før avlaupet blir ført til kommunalt nett med utslepp i sjøen ved Grødaland etter reinsing i IVAR IKS sitt reinseanlegg. Verksemda kan føre med seg noko lukt og støy. Fylkesmannen sine vurderingar kan lesast av saksdokumenta. Kunngjeringsbrevet frå 14. november inneheldt eit samandrag av søknadsopplysningane.

Saksdokumenta er også lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå Hå kommune. Uttale kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger, innan 31. desember 2014. Privatpersonar, råd og interesseorganisasjonar bes senda kopi av fråsegner til kommunen og Rogaland fylkeskommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.