Forureining

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Fylkesmannen, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Fylkesmannen i Rogaland har ei intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Kirsten Redmond Kristiansen (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 77 / 412 09 530

Cathrine Stabel Eltervåg (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

May Britt Jensen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 27 / 469 34 768

Marit Sundsvik Bendixen (ass. fylkesmiljøvernsjef, seksjonssjef forureining):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Per Kristian Austbø (ass. fylkesmiljøvernsjef, seksjonssjef natur):

  • 51 56 89 10

20.05.2020

Løyve til utslepp av spylevatn frå Tysværvåg behandlingsanlegg

Tysvær kommune er gitt løyve etter forureiningslova til utslepp av spylevatn fråTyværvåg behandlingsanlegg for drikkevatn til Løyningsbekken.

20.05.2020

Ynskjer ei betre handtering av reine bygge- og anleggsmassar

Miljødirektoratet har bede Fylkesmennene kartlegge massefyllingane rundt om i Noreg. For Rogaland sin del er det eit problem at vedtak om handtering av bygge-  og anleggsmassar blir gjort i mange små enkeltsaker. Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å bidra til meir gjenvinning av desse massane.

07.05.2020

Etterkunngjering - løyve til sprenging i sjø ved Tømmerodden

Statens vegvesen har fått løyve til sprening i sjø på eigedomen 51/1, Buøy i Stavanger kommune.

07.05.2020

Etterkunngjering - løyve til utfylling i sjø - Grieg Seafood Rogaland AS

Grieg Seafood Rogaland har fått løyve til utfylling i sjø på eigedomen 23/1, Trosnavåg i Bokn kommune.

27.04.2020

Etterkunngjering av løyve til Prima Seafood AS

Fylkesmannen har etter søknad gitt Prima Seafood AS nytt løyve etter forureiningslova til verksemda sitt produksjonsanlegg for pelagisk fisk i Lindøyvegen 92 i Egersund, gnr.47 bnr.35 Eigersund kommune. Verksemda leiger kai og produksjonsanlegg av Fonn Egersund AS.

07.04.2020

Etterkunngjering av løyve til utfylling i sjø på Kulimporttomta

Kulimport Eiendomsutvikling AS er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Kulimporttomta, 22/365 i Stavanger kommune.

07.04.2020

Etterkunngjering - løyve til utfylling i sjø - Ivar Huse Aaserød

Ivar Huse Aaserød har fått løyve til utfylling i sjø på eigedomen 138/8, Solnes i Vindafjord kommune.

03.04.2020

Etterkunngjering endra løyve til bruk ikkje-forureina overskotsmassar Nesvik ferjekai

Statens vegvesen er gitt endra løyve til bruk av ikkje-forureina overskotsmassar ved Nesvik ferjekai i Hjelmeland.

20.03.2020

Miljøvernavdelingen jobber fra hjemmekontor

På grunn av koronasituasjon ba fylkesmannen torsdag 12. mars alle våre ansatte om å ta hjemmekontor. Vi prøver å gjennomføre våre oppgaver som vanlig, og har gode løsninger for å fortsette med saksbehandling hjemmefra.

06.03.2020

Etterhandskunngjering av løyve til Veidekke Industri AS for drift av asfaltverk Søra Kalberg i Time kommune

Fylkesmannen har gitt løyve til drift av asfaltverk på eigedom 29/2 Søra Kalberg i Time kommune.

Fleire nyhende