Etterhandskunngjering endra løyve til arbeid i Tauvågen

Strand vidaregåande skule har fått endra løyve til mudring av sediment framfor kaifronten i Tauvågen i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.06.2016

Strand vidaregåande skule fekk 13.05.2016 løyve til pelearbeider i sjø ved gnr./bnr. 17/4, Tauvågen i Strand kommune. Fylkesmannen endra i vedtak av 08.06.2016 løyvet til å også omfatte mudring av om lag 50 m3 sediment framfor framtidig kaifront. Forureina mudra massar skal leverast til lovleg mottak.

Vedtaket om endring kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.