92 millionar i investeringsmidlar i landbruket for 2024 – søk nå

Lausdriftsfjøs i Bjerkreim kommune.
Nye lausdriftsfjøs er prioritert for investeringsmidlar i 2024. Foto: Monica Dahlmo.

Bygging av mjølkefjøs tilpassa lausdrift er også i 2024 høgast prioritert for investeringsmidlar frå Innovasjon Norge. Det er også mogleg å auke utmålinga, spesielt for dei minste prosjekta. Føringane for bruken av midlar blei presentert under webinar 30. november.  

Publisert 01.12.2023

Bak webinaret stod landbrukspartnarskapen i Rogaland som i møte 26. oktober drøfta prioriteringar av investeringsmidlane (IBU) for 2024, og blei samde om å halde eit opent webinar på temaet. Webinaret er gjennomført med god deltaking. Det er Rogaland fylkeskommune som har i oppdrag å formidle dei aktuelle prioriteringane i eige brev til Innovasjon Norge.

Klar prioritering av nye mjølkefjøs

Anfinn Rosnes informerte innleiingsvis om status i næringa, m.a. om status båsfjøs i Rogaland. Det vil også i 2024 bli klar prioritering av mjølkefjøs opp til 30 kyr, og med betre utmåling i dei høgast prioriterte sakene. Det er samstundes opent for å støtte eit breiare spekter av investeringar, særleg sidan det er sett av eigen nasjonal pott til lausdriftsfjøs. Det vil vere særleg fokus på investeringar knyta til dyrevelferd. Meir om den regionale prioriteringa finn du på Innovasjon Norge si nettside, under Rogaland. Elles blei det peika på at det er viktig å sjå på tilretteleggingsmidlar forvalta av Rogaland fylkeskommune som verktøy for å promotere fram aktuelle investeringssaker.

Innovasjon Norge er klare for nye saker – søk nå

Innovasjon Norge informerte om dei regionale prioriteringane, og at dei er klare til å starte arbeidet med investeringssaker for 2024. Det er mogleg å få tilskot til forstudie for å avklare ressursbehova og gjere nødvendige avklaringa. Søknadar om forstudie kan leverast allereie no. Innovasjon Norge stadfesta fokuset på mjølkefjøs, men også at det er tenkt brukt meir midlar til andre prioriterte føremål neste år. Dette kan eksempelvis vere tilleggsnæringar innan Inn på Tunet, mat og reiseliv. Elles blei det informert kort om Innovasjon Norge sine andre støtteordningar med tilknyting til landbruk, m.a. om fornybar energi. Sjå vedlagte lysark frå møtet.

Rogaland fylkeskommune viktig rolle

Cato Lassen frå Rogaland fylkeskommune orienterte kort om kompetansemidlar (RK) og tilretteleggingsmidlar (RT), og om dei prioriteringar som gjeld for desse midla. Meir informasjon om dette finn du her. Aase Vorre Skuland deltok også med nyttig informasjon om kompetansenettverket for lokalmatproduksjon.

God dialog viktig

Webinaret hadde god deltaking og er eit nyttig treffpunkt, og det er viktig at vi er tidleg ute med informasjon slik at bønder og rådgjevarar får eit klart bilete om kva saker som vil passe best i priroteringskøa. Og vi har erfaring frå at det ikkje blir særlege endringar i prioriteringa når endeleg brev frå Rogaland fylkeskommune ligg føre. Det er viktig at vi mobiliserer for saker som har prioritet kommer tidleg på året, ikkje minst når det i 2024 er nemnte nasjonale pott. Måler er at det skal vere konkurranse om IBU-midlane også i 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.