Webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2024

Dato:
30. november 2023 10:00 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland på vegne av landbrukspartnarskapen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder i Rogaland, kommunar, rekneskapslag m.fl.

Kva kan bøndene i Rogaland søkje Innovasjon Norge om i 2024, og kva utmåling kan det gis i ulike typer saker? Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland inviterer til webinar om investeringsmidlane i landbruket. 

Publisert 06.11.2023

92 millionar kroner i IBU-potten for 2024

I jordbruksoppgjeret for 2024 blei det avtalt å sette av 1220 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket. Av dette går 92 millionar kroner til Rogaland. 100 millionar kroner er sett av til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs for storfe. Det blei også avtalt å auke ramma for kva som kan løyvast i eit prosjekt, med inntil 40 prosent og 3,5 millionar kroner. I juni 2023 blei det i tillegg gjort endringar i forskrift for å stimulere ekstra til ombygging til lausdrift for storfe, med inntil 50 prosent og maksimalt tilskot på 5 millionar kroner. Det er framleis ei klar prioritering mot små og mellomstore mjølkebruk og lausdriftskravet, og landbrukspartnarskapen vektlegg det i prioritering for 2024.

Program

  • Velkomen ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland. Kort om dei overordna prioriteringane for 2024.
  • Kva er ein god søknad til Innovasjon Norge og korleis blir sakene vurderte i høve til nye prioriteringar for 2024. Kan midlar til idéavklaring, bedriftsnettverk eller vekst være aktuelle for deg? Ved Olav Tegle og Aart Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland
  • Pause
  • Kort orientering om regionale kompetanse- og tilretteleggingsmidlar (RK og RT) ved Cato Lassen, Rogaland fylkeskommune
  • Spørsmål og dialog

 

Påmelding

Send e-post til monica.dahlmo@statsforvaltaren.no innan kl 08.00 den 30. november for å få kalenderinnkalling til webinaret. 

Dato:
30. november 2023 10:00 - 11:30
Stad:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland på vegne av landbrukspartnarskapen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder i Rogaland, kommunar, rekneskapslag m.fl.