Skal 23 000 dekar jordbruksjord på Nord-Jæren gå til utbygging?

Solakrossen frå Bærheimsnuten 2005
Solakrossen frå Bærheimsnuten 2005 (Foto: Anfinn Rosnes)

I samband med arbeidet med revisjon av Regionalplan Jæren kjem det fram at det er godkjend 23 000 dekar jordbruksjord til framtidig nedbygging. Målet må vere at ikkje alt dette blir bygd ut.

Fylkestinget vedtok i møte 13. juni  2019 Regionalplan Jæren del 1, og det har i ettertid vore ein del merksemd på faktagrunnlaget som då blei gjort kjend. Det gjeld særleg omfanget av jordbruksjord i byggesona. Fylkesmannen deler kritikken om alt dette skulle bli bygd ut.

Over 10 000 dekar er allereie regulert

imagesy32k.png

Denne figuren er henta frå arbeidsnotat om jordvern som kunnskapsgrunnlag til arbeidet med revisjon av Regionalplan Jæren – sjå vedlegg til høgre. Her kjem det fram at over 10 000 av dei 23 000 dekar jordbruksareal allereie er regulert, men er ikkje utbygd. Dette arealet er registrert som omdisponert i den nasjonale statistikken. Elles er om lag 8 000 dekar avsett i kommuneplanar til byggeføremål.

Arealreservar for over 100 år 

I same møte som vedtak om regionalplanen, vedtok Fylkestinget Jordvernstrategi for matfylket Rogaland, med mål om maksimal nedbygging av 400 dekar jordbruksareal i året. Om vi gir kommunane innanfor Regionalplan Jæren sin del av dette, så blir målet maksimalt nedbygging av om lag 200 dekar i året. Om kommunane følger målsettinga, vil 23 000 dekar teoretisk då gi arealreservar i 115 år. Dette eksempelet viser at det ikkje er behov for nytt areal før langt inn i framtida, og at det er aktuelt å ta ut areal som i dag er vist til utbygging.

Vi vil utfordre kommunane til å ta ut tidlegare godkjende byggeområde i samband nye kommuneplanar, og ikkje minst til det å legge opp til god utnytting av eksisterande byggeområde. God arealutnytting er det beste jordvern, og det er også positivt sett i høve til fleire nasjonale og regionale målsettingar. Dette gjeld særleg målet om redusert transportarbeid. Samstundes må vi på lang sikt søkje løysingar som ikkje fører til meir tap av jord. 

Jordvern meir på dagsorden

Vi har registrert at jordvern blir sett meir på dagsorden. Det er i seg sjølv eit viktig bidrag for redusert tap av jord, og vi håpar at den positive trenden vi nå ser i statistikken ikkje er tilfeldig.

Vi ser gjerne at jordvern blir tema i valkampen og i dei nye kommunestyra. Fylkesmannen har fått i oppdrag å invitere til dialogsamlingar med kommunale politikarar om jordvern etter valet, og vi kjem tilbake med meir informasjon om dette tilbodet hausten 2019.