Ny nasjonal jordvernstrategi med skjerpa mål

Byfornying er eit viktig grep for ein effektiv arealbruk. Eit ekspempel på dette finn ein no i Hillevåg sentralt i Stavanger.

Stortinget vedtok 16. juni ny nasjonal jordvernstrategi, i same sak som vedtak om jordbruksoppgjeret. Målet er nå redusert til maksimalt 2000 dekar dyrka jord omdisponert i året.

Publisert 04.07.2023

Stortinget gjorde i juni 2022 vedtak om at Regjeringa skal legge fram ein ny jordvernstrategi, og denne blei lagt fram for Stortinget 16. juni 2023. Vi ga innspel til arbeidet i brev av 28.02.2023, og rådde til at målet om maksimal omdisponering blir redusert frå 3000 til 2000 dekar i året.

Rapport frå NIBIO som kunnskapsgrunnlag

Ein rapport frå NBIO gir oss nyttig kunnskap om matjordreservar, og om kor viktig både dyrka og dyrkbar mark er for både matproduksjon og beredskap. Du finn rapporten på regjeringa si nettside. Her kjem det fram at den faktiske reserven av dyrkbar jord er mykje mindre enn tidlegare antatt.

Viktige tiltak i strategien

Strategien har ei rekke tiltak for å nå målet, og dette er særleg løfta fram:

  • Utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse
  • Etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord
  • Utvikle eit jordbruksarealrekneskap som kan bli ein del av nasjonalt arealrekneskap
  • Utgreie ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal
  • Etablere ei systematisk registrering av faktisk nedbygging av jordbruksareal
  • Fleire tiltak med sikte på å redusere landbruket si eiga nedbygging 

Meir informasjon finn du i sjølve strategien.  

Landbruket si eiga nedbygging må meir i fokus

Landbruket sjølv bidreg også til nedbygging av dyrka jord, og det har vore for lite merksemd på dette. Vi ventar at tap av jord i næringa også blir sett i samanheng med mål om redusert nedbygging, og at det blir synleggjort i årleg statistikk.

Nydyrking er ikkje ei løysing

Strategien stadfestar at det blir feil å ta med nydyrking som eit tiltak for å kompensere for tap av dyrka jord. I Rogaland er det i aukande grad krevjande å finne areal som kan nydyrkast utan konfliktar med andre interesser, og det er ofte den beste jorda som går tapt ved utbygging.

Nye «Nasjonale forventninger» tydeleg om jordvern

Som eitt av fleire tiltak har Regjeringa gitt eit tydeleg signal om å redusere omdisponering av dyrka jord i nye «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging» (kapittel 6) datert 20.06.2023.

Vi vil føre ein streng praksis

Statsforvalteren vil følgje opp desse tydelege signala om eit strengare jordvern i vårt arbeid mot kommunane, og i dette ligg m.a. at vi vil krevje arealrekneskap før nye område eventuelt blir godkjende for utbygging. Fylkestinget vedtok i møtet den 13. juni 2023 ei endring av det regionale jordvernmålet til å vere 10 % av det nasjonale målet. Dette inneber også ei skjerping av det regionale målet til at det ikkje skal omdisponerast meir enn maksimalt 200 dekar årleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.