NIBIO-webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern

Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger
Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger Foto: Anfinn Rosnes.

Gjekk du glipp av NIBIO sine webinar om jordvern? Du kan du sjå dei i opptak her, og lære meir om korleis du kan nytte NIBIO sitt kart Kilden, databaser og statistikk i arealforvaltninga. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2022

November 2021 arrangerte NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) to webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern, saman med Statsforvaltarane i Agder og Rogaland. Tema for webinara var NIBIO sitt kart Kilden til arealinformasjon, databasar og statistikk som er nyttig for kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga. Det ble godt oppmøte på webinara, som passer for både tilsette i kommunen og alle som er engasjert i arealforvaltning. For andre interesserte enn dei som fekk deltatt, er vi glade for å kunne tilby webinara i opptak.

Kunnskapsgrunnlag for jordvern del I: Kva er AR5, arealbarometer, Kilden til arealinformasjon?

På del 1 av webinaret var følgjande tema:

  • Arealressurskartet AR5 og kva som kjeneteikner dei ulike typane dyrka jord
  • Vurdering av jordkvalitet i område som ikkje er jordsmonnkartlagt ved bruk av klimasoner og eigenskapar i AR5
  • Dyrkbar jord og aspekt ved nydyrking
  • Måling av faktisk nedbygd jordbruksareal og omdisponeringstala
  • Arealbarometer, statistikk for produksjonsgrunnlaget for jordbruk på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå
  • Demonstrasjon av kartløysinga Kilden til arealinformasjon og verktøya

Sjå webinaret i opptak her:

Kunnskapsgrunnlag for jordvern del II: Korleis nyttegjere seg av jordsmonnskart?

På del 2 av webinaret var følgjande tema:

  • Jordmonnkart for kommunar kor dette er utarbeida
  • Bruk av jordsmonnkart for verdsetting av jord når jordressursen skal vegast opp mot andre omsyn
  • Praktisk bruk av jordsmonnkart i arealplanlegginga
  • Jordmonndanning og jordeigenskaper
  • Jordvern i eit langsiktig perspektiv

Sjå webinaret i opptak her:  

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.