Rogaland omdisponerer mest matjord

Rogaland omdisponerte 737 dekar dyrka jord i 2013. Omfanget er lågare enn ein del andre år, men framleis høgast av alle fylke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2014

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (KOSTRA) viser at i tillegg til 737 dekar dyrka jord, vart 160 dekar dyrkbar jord omdisponert i Rogaland i 2013. Dette er lågare enn snittet for dei siste 6-7 åra, som har vore kring 1300 dekar dyrka jord.

Det er grunn til å tru at tydeleg statleg regional praktisering av nasjonal jordvernpolitikk, medrekna bruk av motsegn, gir resultat. Ei undersøking i rapporten "Byvekst og spreidde tiltak i landbruksområda på Jæren", viste at om lag 25 % av Jærkommunane sine primærønskje om nye utbyggingsareal vart teke ut av kommuneplaner med bakgrunn i motsegner, faglege råd og krav frå Fylkesmannen eller Fylkeslandbruksstyret.

Transformasjon i by- og tettstad, god arealutnytting, kollektivutbygging og gode overordna arealplanar i kommunane er avgjerande for at nedbygging av matjord kan reduserast framover.

Omdisponering til samferdsle, bustad og næring har størst omfang i Rogaland. I 2013 blei 198 dekar omdisponert til samferdsle, 143 dekar til bustad og 121 dekar til næring.

I fylket er det Karmøy og Sola som har omdisponert mest dyrka jord. I Karmøy blei 138 dekar dyrka jord omdisponert, og i Sola blei 121 dekar omdisponert.

Førebelse tal for heile landet er at det er omdisponert 5559 dekar dyrka jord.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

KOSTRA er eit system for rapportering frå kommunane til staten (KOmmune STat RApportering).

Alle kommunar i Rogaland har rapportert, men det kan kome endringar i endelege tal frå Statistisk sentralbyrå (klar kring 15. juni).