Ber om statleg drahjelp til Sandnes Aust

Sentrale myndigheiter må vere med og betale når kollektivtransport til Sandnes Aust skal realiserast. Det skriv Stanley Wirak, Janne Johnsen og Tora Aasland i eit brev til Miljøverndepartementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.06.2012

Dei tre er no einige om vegen vidare for planlegginga av den store utbygginga. Sandnes Aust har status som regionalt utbyggingsområde og vil framstå som ein ny by med inntil 50 000 innbyggjarar.

- Dette brevet viser ein felles vilje til å kome vidare. Vi ser fram til ein konstruktiv dialog med staten om finansieringa av eit høgverdig kollektivsystem laga for framtida, seier fylkesmann Tora Aasland.

Sjå fellesbrevet i lenka til høgre.

Kontaktinformasjon:
Ordføraren i Sandnes, ordforer@sandnes.kommune.no, telefon 51335587, mobil 913 92 266
Fylkesordføraren fylkesordforer@rogfk.no, telefon 51516608, mobil 480 82 646
Fylkesmannen i Rogaland, postmottak@fmro.no, telefon 51568700, mobil 952 34 451

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.